Nu metal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Nu metal
Stilmessig opphav: Alternativ metal, rap metal, grunge, funkmetal, heavy metal, hip hop, industriell metal[1][2][3]
Kulturelt opphav: Tidleg i 1990-åra i USA
Typiske instrument: Gitar, bass, vokal, trommer, synthesizer, sampling, turntable, rapping, skriking
Populær periode: Seint i 1990-åra og tidleg i 2000-åra, forholdsvis lite populær sidan
Musikalske scener
California, Den amerikanske midtvesten, USA

Nu metal [4] (òg kjend som «aggro-metal»,[1] «neo-metal», [5], eller «nymetall») er ein undersjanger [6] av heavy metal. [4] Han er ein fusionsjanger, [7] som kombinerer element av andre sjangrar, som grunge og hip hop. Innanfor nu metal finst òg rapcore (òg kalla «rap metal») som er ei blanding av rap (hiphop) og forskjellige metal- og rockesjangrar. Som oftast består musikken metal-musikk med rapping. Denne omfangsrike sjangeren eller musikktendensen fekk suksess på slutten av 1990-talet og byrjinga av 2000-talet.

Kjente nu-metal band er band som Korn, Linkin Park, Slipknot, Limp Bizkit, System of a Down, Clawfinger, Lostprophets, Drowning pool, Papa Roach og Godsmack.

Rapcore er ikkje så populært utanfor Nord-Amerika, men det finst fleire kjende band under rapcore-sjangeren, som Linkin Park, Rage Against the Machine og Public Enemy. I rapcore-band er det vanleg med ein rappar som rappar til dømes berre på versa, og ein følgjande rockevokal som overtar etter rappinga. I rapcore-tekstar syng ein ofte om politiske hendingar, som i banda Public Enemy, Rage Against the Machine, hos andre grupper om korleis livet er (Zebrahead, Trik Turner) eller om kamp med seg sjølv og problem i livet (Linkin Park, Stuck Mojo).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Genre: Alternative Metal». Allmusic.
  2. McIver, Joel (2002). «How is nu-metal different from old metal?». Nu-metal: The Next Generation of Rock & Punk. Omnibus Press. ss. 12–13. ISBN 0711992096. 
  3. Bowar, Chad. «Heavy Metal: More Metal Genres». About.com. The New York Times Company. http://heavymetal.about.com/od/heavymetal101/a/101_history_2.htm. Henta 14. desember 2011. «Combining heavy metal riffs with hip-hop influences and rapped lyrics, this genre became very popular in the late '90s through the early 2000's and then fell from favor.» 
  4. 4,0 4,1 Pieslak, Jonathan (2008): «Sound, text and identity in Korn’s ‘Hey Daddy’» i: Popular Music 27: 35–52. doi:10.1017/S0261143008001451.
  5. «Amen > Overview». Allmusic.
  6. Wilson, Scott (2008): Great Satan's rage: American negativity and rap/metal in the age of supercapitalism. Manchester University Press. ISBN 0-7190-7463-0, 9780719074639. ss. 119.
  7. Tompkins, Joseph (2009): «What’s the Deal with Soundtrack Albums? Metal Music and the Customized Aesthetics of Contemporary Horror» i: Cinema Journal 49 (1). doi:10.1353/cj.0.0155.