Odd Vigestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Vigestad
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. mars 1915
Borgund kommune
Død

19. januar 1999 (83 år)
Ålesund kommune

Yrke politikar, lektor, skuleleiar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Odd Vigestad (28. mars 191519. januar 1999) var ein norsk skulemann og politikar, stortingrepsresentant frå Møre og Romsdal og Kristeleg Folkeparti i tida 1969-81.

Vigestad var frå Gryta i dåverande Borgund herad, i dag i Haram kommune, der far hans var lærar i lang tid. Etter å ha gått handelsgymnas 1938/39, studerte han til siviløkonom ved Norges Handelshøgskole i 1941. Han busette seg då i Ålesund, der han underviste 1941-51 ved private Ulvestad handelsskule, og deretter var lektor 1952-68 ved Ålesund handelsgymnasium. Perioden 1968-82 var han rektor ved same gymnaset, men møtte så å seie heile denne tida på Stortinget.

Vigestad var med i Ålesund bystyre i fleire periodar; 1952-67, 1972-75 og 1984-87. I tolv samfulle år, 1956-67, hadde han også plass i formannskapet. Hausten 1969 vart Vigestad vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, og vart attvald to gongar. På Tinget var han den fyrste fireårsbolken medlem i Forsvarskomitten, sidan var han med i Industrikomiteen til han gjekk ut av Stortinget i 1981.

Både før og etter si tid på Stortinget hadde Vigestad ei rekke styreverv. Mellom anna var han formann i Ålesund skulestyre 1960-71, styremedlem i Distriktenes utbyggingsfond 1966-77, styreformann i Møreforsking 1981-86 og leiar av forstandarskapen til Sparebanken Møre 1984-91.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortinsgbografi