Ola Bratteli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ola Bratteli

Ola Bratteli (fødd 24. oktober 1946 i Oslo) er ein norsk matematikar, kjent for Bratteli-diagramma som blir nytta i gruppeteori. Faren hans var statsminister Trygve Bratteli.

Etter Oslo katedralskole studerte han til cand.mag. og cand.real. i matematikk ved Matematisk institutt ved Universitetet i Oslo (1967-71). Avhandlinga Inductive limits of finite dimensional C* -algebras omhandla operatoralgebraer og Bratteli-diagram, og gav karakteren 1,1 skriftleg og 1,0 munnleg.[1] Arbeidet har gjeve mange teoretiske bruksområde og han har over hundre publikasjonar, mange med rettleiaren sin Erling Størmer, og med det tileigna seg eit Erdős-tal lik 3.

Bratteli jobba som stipendiat ved New York University (1971-73) og avla sin dr.philos. ved Universitetet i Oslo (1974). Utover ei rekkje kortare opphald som professor og forskar verda over, har Bratteli jobba fast som professor ved NTH (1980-91) og professor ved Universitetet i Oslo (1991-).

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Operator Algebras and Quantum Statistical Mechanic (Springar-Verlag, 2 volum, 1980). Med Derek W. Robinson.
  • Derivations, Dissipations and Group Actions on C* -algebras (Springar-Verlag, 1986)
  • Wavelets through a looking glas, the world of the spectrum Birkhäuser, 2002). Med Palle T. Jørgensen

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Supereksamen for Bratteli jr. i VG (16.6.71)
  2. Fremragende matematikere fra forskning.no