Olivennålkolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olivennålkolibri
Olivennålkolibri
Olivennålkolibri
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Olivennålkolibri
Utbreiinga av Olivennålkolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Lesbiini
Slekt: Nålkolibriar Chalcostigma
Art: Olivennålkolibri C. olivaceum
Vitskapleg namn
Chalcostigma olivaceum

Olivennålkolibri (Chalcostigma olivaceum) er ein kolibriart av «koketter» i stammen Lesbiini av underfamilien Lesbiinae. Olivennålkolibriar lever i den høgtliggande vestsida av Andesfjella i Bolivia og Peru.[1]

Denne arten er ein av fem nålkolibriar, den biologiske slekta Chalcostigma. Olivennålkolibrien har to underartar.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Olivennålkolibrien er 14 til 15 cm i kroppslengd, inkludert eit nebb på 1,4 cm.[2] Kroppsmassen er lite kjent, ein har data frå eit hannleg individ som vog 8,2 gram og ei hoe på 6,6 gram.[1] Begge kjønn har ein kort svart nebb. Vaksne hannar av den nominerte underarten er for det meste lite iaugefallande, mørk brunleg til olivengrøn, inkludert halen. Ansiktet og halsen er mørk sotgrå. Han har ein smal, smekkeliknande, iriserande flekk i strupeområdet og på øvre bryst i glitrande grønt øvst og varierer gjennom gult, rosa og lilla til blått nedst. Vaksne hoer har i hovudsak same fjørdrakt, men strupeflekken er mykje mindre eller kan vere fråverande. Underarten C. o. pallens liknar nominatforma, men er marginalt mindre og generelt litt bleikare.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Nominatunderarten av olivennålkolibrien finst frå Apurímac i det søraustlege Peru til La Paz-departementet i Bolivia. Underarten C. o. pallens finst i den vestlege skråninga av peruansk Andes mellom regionane Ancash og Junín. Distribusjonen er usamanhengande, med funn berre på spreidde stader. Høgdenivåa for arten varierer mellom 3500 og 4700 moh. i Peru og frå 3100 til 4500 moh. i Bolivia. Arten finst oftast over tregrensa i fuktig grasland i puna økoregion, men kan også treffast lågare i krattskog og i utkantane av tett Polylepis og Gynoxys-skogar.[1] Olivennålkolibrien held seg ofte på bakken før å søke føde.[2] Han er ein standfugl gjennom heile utbreiingsområdet.[1]

Olivennålkolibrien lever av både nektar og insekt. Detaljar om kosthaldet manglar, men det er nokre kjelder på at insekt dominerer. Han fangar små insekt ved å springe opp frå bakken, han kan òg plukke insekt på bakken. Olivennålkolibrien opptrer einslege, hannane forsvarer sitt eige beiteområde.[1]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Hekkefenologien for olivennålkolibri er ikkje godt forstått. Hekkesesongen ser ut til å inkludere januar, men spennvidda er ikkje kjend. Han hekkar kanskje i Polylepis/Gynoxys-skogen. Som typisk for kolibriar, rugar hoa åleine på to egg.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

IUCN har kategorisert olivennålkolibri som livskraftig, LC. Han har eit vidt utbreiingsområde, men populasjonsstorleiken er ukjent. Han er skildra som sjeldan til uvanleg i ulike delar av området.[3] «Menneskeleg aktivitet har liten kortsiktig direkte effekt på olivennålkolibri.»[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 1,8 Schulenberg, T. S. and C. W. Sedgwick (2020). Olivaceous Thornbill (Chalcostigma olivaceum), version 1.0. I Birds of the World (T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.olitho1.01
  2. 2,0 2,1 Schulenberg, T.S. and Stotz, D.F. and Lane, D.F. and O'Neill, J.P. and Parker, T.A. and Egg, A.B. (2010). Birds of Peru: Revised and Updated Edition. Princeton Field Guides. Princeton University Press. s. 246. ISBN 9781400834495. 
  3. BirdLife International (2023) Species factsheet: Chalcostigma olivaceum. henta frå http://www.birdlife.org 13. mai 2023.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Olivennålkolibri