Onyks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Onyks
Agate banded 750pix.jpg
Ei skive av sardonyks (breidde = 2,5 cm)
Generelt
Kategori Oksidmineral
Kjemisk formel Silika (silsiumoksid, SiO2)
Identifikasjon
Molekylvekt 60 g / mol
Farge Varierande
Krystallsystem Trigonal, monoklinisk
Kløyv Fråverande
Brot Ujamn, muslig
Mohs hardleiksskala 6–7
Glans Glasaktig, silkeaktig
Strekfarge kvit
Spesifikk vekt 2,65–2,667

Onyks eller onyx er ein varietet av mineralet kalsedon (dvs. mineralet kvarts). Han er samanseatt med avvekslande smale svarte og kvite lag, som er skarpt fråskilde, rette og parallelle. Han vert nytta som smykkestein, særleg til kamear.

Onyksmarmor[endre | endre wikiteksten]

Onyksmarmor er ein fint banda og gjennomskinneleg kalkbergart med kvit, gul, brun eller grønleg farge. Han er danna som dryppstein eller ved utfelling frå varmekjelder. Han tek politur og blir nytta som pyntelekam. Han er òg kjent under namn som meksikansk marmor, orientalsk alabast eller berre alabast. I handelen blir han òg brukt den villedende kortforma onyks.

Sardonyks[endre | endre wikiteksten]

Sardonyks er ein agat med parallelle raudbrune og kvite band. Han vert nytta som smykkestein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]