Ouessant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ouessant
OUESSANT.-.RUINE-PHARE.jpg
Geografi
Localisation-Ouessant.png
Stad Den engelske kanalen
Koordinatar 48°28′N 5°5′WKoordinatar: 48°28′N 5°5′W
Areal 15,58 km²
Administrasjon
Land Frankrike
Departement Finistère
Demografi
Folketal 932 (1999)
Folketettleik 59,8 /km²

Ouessant (på bretonsk Enez Eusa, på engelsk Ushant) er ei øy i Den engelske kanalen og det nordvestlegaste punktet i Frankrike (i Europa). Ho er ein del av Bretagne og ligg i det historiske området Bro-Leon. Ouessant er ein eigen kommune i departementet Finistère.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ouessant ligg heilt i sørvest i Den engelske kanalen, men sjølv om ho er ein del av kanalen høyrer ho ikkje til Kanaløyane.

Øya har mykje bart berg og er 8 km lang og 3 km brei med eit areal på 15 km².

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Det er berre ein tettstad på øya, Lambaol. Ouessant har 932 innbyggjarar (1999).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ouessant er vidkjend for si maritime fortid, både i fiskesamdunn og som eit landemerke for sjømenn som nærma seg Kanalen. Ho vert nemnd i refrenget på ein shanty kalla Spanish Ladies:

We'll rant and we'll roar like true British sailors,
We'll rant and we'll roar across the salt seas,
Until we strike soundings in the channel of old England,
From Ushant to Scilly is thirty-five leagues.

Fleire sjøslag har funne stad nær Ouessant mellom den britiske og den franske marinen. Eit av desse er Slaget ved Ouessant.

I mars 1978 gjekk den amerikanske oljetankaren «Amoco Cadiz» på grunn om lag 10 km frå øya, og skapte alvorleg forureining langs kysten av Bretagne.

Eit gamalt bretagnsk ordtak seier: «Qui voit Ouessant voit son sang, Qui voit Sein voit sa fin».
Den som ser Ouessant ser blodet sitt,
Den som ser Sein ser slutten sin.

Dette ordtaket har sitt opphav i at området er eit av dei vanskelagste og farlegaste sjøområda i verda og segle i med mange skjer og kraftige tidvasstraumar med fart opp til 5 m/s.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

På øya finst det ein spesiell type svart dvergsau, som berre er avla fram her.

Fyret Kreac'h er etter ryktet det kraftigaste i verda.

Linja som går mellom Ouessant og Lizard Point i Cornwall i England er vanlegvis start- og mållinje for jordomseglingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ouessant