Finistère

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Finistère
Våpenskjoldet til Finistère
Plassering
Plasseringa til Finistère i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 29
Region: Bretagne
Préfecture: Quimper
Sous-préfectures: Brest
Châteaulin
Morlaix
Arrondissement: 4
Kantonar: 54
Kommunar: 283
Président du conseil général: Pierre Maille
Statistikk
Folketal Rangering 24.
 -1999 852 418
Folketettleik: 127/km²
Landareal¹: 6 733 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Finistère (Penn-ar-Bedbretonsk) er eit departementet heilt nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Bretagne.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Finistère er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne.

Namnet Finistère kjem frå det latinske Finis Terræ, som tyder «verdas ende». Dette må ikkje forvekslast med Kapp Finisterre i Spania.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grensar til departementa Morbihan og Côtes-d'Armor, i tillegg til Atlanterhavet i nord, sør og vest.

Finistère er det vestlegaste departementet i den europeiske delen av Frankrike, og det vestlegaste punktet er Pointe de Corsen.

Den største byen i Finistère er Brest. Andre store byar er Quimper, Morlaix, Carhaix og Douarnenez. Finistère inkluderer òg øya Ouessant.

Aber er fjordlikande viker på nordkysten og er eit karakteristisk trekk i landskapet.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Finistériens.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk, næringsmiddelindustri og forskjellige andre tilknytte industriar er dei viktigaste næringane i Finistère.

Mange av innbyggjarane i departementet er tilknytte militæret. Her ligg atomubåtbasen Ile Longue og flybasen i Lanvéoc-Poulmic, i tillegg til militærrelatert industri i Brest.

Roscoff har ferjesamband til Irland og Storbritannia.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Finistère er det området i Frankrike der bretonsk språk står sterkast. Bretonske skular vert kalla Diwan, Divyezh og Dihun.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Finistère