Paavo Korhonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Paavo Jaakko Matias Korhonen (fødd 5. april 1928) er ein finsk, tidlegare kombinertløpar frå Joutseno som var aktiv gjennom 1950-talet. Han vart verdsmeister i kombinert under VM 1958 i Lahti. Ein statue av han er reist i heimbyen Joutseno, der han også bur.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Korhonen vart nummer fem og beste utlending i kombinert under Holmenkollrenna i 1951. Året etter var han tilbake i Holmenkollen og kom på fjerdeplass i den olympiske kombinerttevlinga under vinter-OL 1952. I Lahti-spelen vart han nummer to i 1952 og nummer tre året etter. Så vann han tevlinga i Lahti i 1954 og kom på tredjeplass både i 1955 og 1956. I 1956 vart han også nummer tre i kombinertrennet Holmenkollen, i alle det tre sistnemnde tevlingane hadde han to nordmenn føre seg på resultatlista, med Sverre Stenersen som vinnar i alle tre og med tre ulike nordmenn på andreplass.

Etter å ha kome på 12. plass i verdsmeisterskapen i Falun i 1954 var Korhonen ein av mange utøvarar som kjempa om sølv- og bronsemedaljane under dei olympiske leikane i Cortina d'Ampezzo i 1956. Bak den suverene Sverre Stenersen kjempa fem mann om plassar på pallen, Korhonen hamna til sist på fjerdeplassen. Korhonen vart nummer to etter Stenersen i Lahti i 1957. Straks etter vann Korhonen kombinert under Holmenkollrenna på suverent vis, pallen vart også heilfinsk då både Esko Jussila og Pekka Ristola kom framom Sverre Stenersen då poenga vart utrekna.

I verdsmeisterskapen på ski på finsk heimebane i 1958 vann Korhonen gullmedaljen, mindre enn eitt poeng framom Sverre Stenersen. To år seinare vart Korhonen nummer ni i kombinert under vinter-OL i Squaw Valley, før han same sesongen i Holmenkollen atter ein gong vart nummer to etter Sverre Stenersen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]