Panne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For steikjekaret, sjå steikjepanne. For fleire tydingar, sjå panne (fleirtyding).
Nærbilete av panna på ei kvinne

Panne er i anatomien den fremste og øvste delen av eit hovud. På eit menneske sit panna mellom naserota og hårgrensa og er avgrensa på kvar side av tinningane. Skjelettet til panna er danna av pannebeinet.

Rynking av panna

Uttrykk[endre | endre wikiteksten]

Musklane knytt til panna er er viktige for å danna ansiktsuttrykk hjå menneske. Ein kan heva eller rynka augebryna for å uttrykka mellom anna overrasking, spørsmål, konsentrasjon, bekymring eller sorg.

Symbolikk[endre | endre wikiteksten]

Datogakvinne med pannetatovering.

Røring og dekorasjon av panna kan ha ulike symbolske tydingar. Ein kan røra ved pannen til nokon med handa i samband med ei signing. Kyss i panna kan vera eit uttrykk for kjærleik. I russisk tradisjon kysser ein berre lik i panna til avskjed.[1]

Panna kan merkast permanent med ei tatovering, arr eller anna merke. Innan islam kan nokre truande utvikla ein bøneflekk (zabiba) ved at panna stadig kjem i kontakt med bakken under bøn. Nokre stader kan flekken vera eit teikn på ei særs ihuga tru.[2] Hinduar og djainar lagar pannemerke med fargestoff i samband med rituale.[3] Påklistra bindiar kan også brukast som pannedekorasjon utan religiøs tilknytting. I nokre kristne retningar teikner ein prest ein oskekross i panna på kyrkjelyden under markeringa av oskeonsdag. Elles kan panna dekorerast med sminke til ulike høve.

Panneforma kan endrast permanent gjennom kunstig skalleforming, som er kjend frå tradisjonar i Amerika og Europa. Huda i panna kan glattast ut ei tid gjennom behandlingar som panneløft[4] eller injeksjonar med botox og liknande. I nokre høve kan dette føra til nedset ansiktsmimikk.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Following the Russian standard», The Economist (Aug 29th 2008).
  2. Michael Slackman, «Fashion and Faith Meet, on Foreheads of the Pious», The New York Times (December 18, 2007)
  3. «Marks on the forehead», devdutt.com (February 03, 2013)
  4. «Panneløft», plastisk-kirurgi.no. Henta 24. oktober 2014.
  5. «Botox», privatklinikken.no. Henta 24. oktober 2014.
  • «Panne» (28. oktober 2011), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 24. oktober 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Panne