Paradiskolibri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paradiskolibri
Paradiskolibri
Paradiskolibri
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Paradiskolibri
Utbreiinga av Paradiskolibri
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Kolibriar Trochilidae
Underfamilie: Lesbiinae
Stamme: Heliantheini
Slekt: Loddigesia
Art: Paradiskolibri L. mirabilis
Vitskapleg namn
Loddigesia mirabilis

Paradiskolibri (Loddigesia mirabilis) er ein utryddingstrua kolibriart i stammen Heliantheini, «briljantar», i underfamilien Lesbiinae. Han er endemisk for Peru.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av tre hannar, John Gould, 1861

Hannfuglar er 15 til 17 cm lange inkludert halen på 11 til 13 cm. Hoene er 9 til 10 cm lange med ein hale på 5 til 7 cm. Hannen sitt signaturtrekk er dei to ytre halefjørene med berre skaft som kryssar kvarandre og endar i store lilla, svarte «rekkertar». Dei resterande halefjørene er svært korte og blir stødd av to lange underhaledekkfjører. Dei ytre halefjørene til hoa er også lange, men kortare enn hannen sine, og manglar rekkertane.[1]

Begge kjønn har ein svakt bua svart nebb og ein kvit flekk bak auget. Hannane har stort sett grøn overside med blå fjørtopp på hovudet. Strupeflekken er iriserande blågrøn og resten av undersida er kvit med ei svart stripe ned langs midten. Hoene er også grøne på oversida, men har ikkje fjørtopp eller strupeflekk. Undersida deira er kvit utan den svarte midtstripa til hannen.[1]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Paradiskolibrien finst berre i eit lite område i Andes i Nord-Peru. Dei fleste observasjonar er frå dalen der elva Utcubamba renn i sør-nord retning i Amazonas-regionen med nokre få registreringar lengre aust i San Martín-regionen. Arten lever i utkantane av moden skog, i sekundærskog og på montane krattmarker. Vegetasjonen er delvis tornkratt i bjørnebærslekta (Rubus) med innslag av or (Alnus). Høgda på utbreiingsområdet varierer mellom 2100 og 2900 moh., sjølv om det er ikkje-stadfesta observasjonar både høgare og lågare.[2][1] Paradiskolibrien er ein standfugl i området.[1]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Paradiskolibrien vitjar blomstrande plantar i ei fast sirkulær rute, og sit ofte medan dei sug nektar i staden for å stille framføre blomen. Dei andre kolibriartane som deler utbreiingsområdet er dominante ovanfor paradiskolibrien.[1]

Når hannen gjev fluktoppvisinga framføre hoa høyrast «ein gjentatt høglydt, summande metallisk tone...'tzzz...tzzz...'» under spelet. Anna læte inkluderer tonar i serier på ca. 6 per sekund.[1] Opptak av fluktoppvisinga blei synt i BBC TV-serien Life i 2009.[3]

Status[endre | endre wikiteksten]

IUCN vurderer paradiskolibrien som sterkt trua (EN), i perioden 1994 til 2000 var han nedgradert til sårbar. Arten er berre kjend frå to generelle område, og storleiken på populasjonen er truleg under 1000 modne individ og minkande.[2] Avskoging grunna vedsanking, svibruk og beitande storfe er omfattande i utbreiingsområdet, og det finst ikkje verna område innanfor utbreiingsområdet.[1] Hannane blir jakta på for bruk i tradisjonell medisin, sidan deira hjarte truleg er eit afrodisiakum.[2]

Taksonomi og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Dei verdsomspennande taksonomiske autoritetane handsamar per 2023 paradiskolibrien som den einaste medlemmen i slekta Loddigesia.[4][5][6] Ein molekylær fylogenetisk studie av kolibriane publisert i 2014 fann at paradiskolibrien kan vere ein del av dunfotslekta Eriocnemis.[7] Å flytte paradiskolibrien til Eriocnemis vil krevje at regnbogedunfot, E. mirabilis, får eit tildelt nytt spesifikt epitet fordi paradiskolibrien har prioritet.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Züchner, T. and P. F. D. Boesman (2020). Marvelous Spatuletail (Loddigesia mirabilis), version 1.0. In Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, and E. de Juana, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.marspa1.01
  2. 2,0 2,1 2,2 BirdLife International (2016). «Marvelous Spatuletail Loddigesia mirabilis». IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T22688130A93183168. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22688130A93183168.en. Henta 14. oktober 2023. 
  3. Klipp med paradiskolibri frå BBC One - Life Birds (Episode 5) 2009. Henta 14. oktober 2023
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, S. M. Billerman, T. A. Fredericks, J. A. Gerbracht, D. Lepage, B. L. Sullivan, and C. L. Wood. 2021. The eBird/Clements checklist of Birds of the World: v2021. Downloaded from https://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/download/ Henta 14. oktober 2023
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.2. International Ornithologists' Union. doi:10.14344/IOC.ML.13.2. Henta 14. oktober 2023. 
  6. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 14. oktober 2023. 
  7. McGuire, J.; Witt, C.; Remsen, J.V.; Corl, A.; Rabosky, D.; Altshuler, D.; Dudley, R. (2014). «Molecular phylogenetics and the diversification of hummingbirds - Supplemental Information». Current Biology 24 (8): 910–916. PMID 24704078. doi:10.1016/j.cub.2014.03.016. 
  8. Remsen, J. V. et al Proposal (928) to South American Classification Committee Henta 14. oktober 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Paradiskolibri