Parulaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Parulaer


Nordgulstrupe (Geothlypis trichas)
Nordgulstrupe (Geothlypis trichas)

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Parulidae

Parulaer er ein familie Parulidae av små, ofte fargerike sporvefuglar, ordenen passeriformes, med distribusjon avgrensa til Amerika.

Dei fleste av dei over 115 artane i familien lever i tre, men artane i slekta Seiurus, omnparula, vassparula og straumparula, har eit levevis knytt til vatn og mark. Nesten alle er insektetarar.

Alle parulaer er relativt små fuglar. Den minste arten er mesquiteparula, Vermivora luciae, på om lag 6,5 gram og 10,6 cm . Den langt største arten er gulbrystparula, Icteria virens, på 27 gram og 19 cm.

Artane i familien som er trekkfuglar har tendens til å legge største kull av egg, vanlegvis opptil seks egg. Store kull kan vere eit middel til å kompensere for farar som individa utsett seg for under trekka. I kontrast er to egg i kullet typisk for mange tropiske artar, ettersom ungane hos desse artane kan få betre omsorg, og dei vaksne har større sjansar for fleire kull og større reproduksjon.

Det er sannsynleg at parulaer har opphavet i det nordlege Sentral-Amerika, der ein framleis finn størst mangfald av arter og største populasjonar. Derifrå har dei spreidd seg nordover i løpet av interglasialperiodane, hovudsakleg som migrantar som returnerte til forfedrane sitt område om vinteren. To slekter, Myioborus, kvitstjertar, og Basileuterus synast å ha kolonisert Sør-Amerika tidleg, kanskje før dei to kontinenta blei kopla saman, og gav veg til dei fleste artar av songfuglar til regionen. Om lag tredve artar av parulaer har vore observert som sporadiske streiffuglar i Europa, [1] av desse ein i Noreg, myrteparula (Dendroica coronata) på Utsira i 1996. [2]

Hos mange trekkfuglartar i familien, spesielt dei som hekkar lengst nord, utviklar hannane ein karakteristisk hekkedrakt i hekkesesongen, ettersom hannar markerer seg for å gjenvinne territoriet og å vise seg fram for moglege makar kvart år. Denne tendensen er spesielt markant i den store slekta Dendroica. Derimot syner standfuglane, som dannar par for livet, liten eller ingen kjønnsdimorfisme.

Eit unnatak er dei tre artane i Seiurus. Dei er trekkfuglar, men samstundes har dei identisk fjørdrakt for begge kjønn. Eit anna unnatak er dei tropiske gulstrupane, Geothlypis, som er standfuglar, men òg kjønnsdimorfe.

Det vitskapelege namnet for familien, Parulidae, stammar frå det faktum at Linné i 1758 namnsette stryparula som ei meis, Parus americanus. Slektsnamnet vart først endra til Parulus og seinare til Parula, som har gjeve namn til heile familien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Curson, Quinn and Beadle, 1994. New World Warblers. 252 p. ISBN 0-7136-3932-6
  • Lovette, I. J. and E. Bermingham. 2002. What is a wood-warbler? Molecular characterization of a monophyletic Parulidae. The Auk. 119(3): 695-714. PDF fulltext

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Dunn, Jon. 1997. A field guide to warblers of North America. Boston : Houghton Mifflin Co., x, 656 p. : ill. (some col.), col. maps ; 19 cm.
  • Morse, Douglass H. 1989. American warblers : an ecological and behavioral perspective. Cambridge, Mass. : Harvard University Press, xii, 406 p. : ill., maps.
  • Harrison, Hal H. 1984. Wood warblers’ world. New York : Simon and Schuster, 335 p., 24 p. of plates : ill. (some col.) ; 25 cm.