Pavel Tretjakov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ilja Repin:Portrett av Pavel Tretjakov, 1883

Pavel Mikhailovitsj Tretjakov (27. desember 183216. desember 1898) var ein russisk forretningsmann, kunstsamlar og mesén. Han er særleg kjend for opprettinga av Tretjakovgalleriet.

Tretjakov byrja å samle på kunst då han var 23 år. Han kjøpte inn ein del hollandsk kunst, men først og fremst verk av russiske kunstnarar som Vasilij Perov, Ivan Kramskoj, Ilja Repin, Vasilij Surikov og Isaak Levitan. Formålet med innkjøpa var i første rekke tanken om å opprette ei kunstsamling som kunne danne grunnlaget for eit museum med nasjonal kunst.

Han knytte etter kvart personlege band til mange av kunstnarane i Peredvizjnikij-rørsla og ytte både direkte pengehjelp og kom med råd.

I 1892 skjenka Tretjakov si allereie då berømte samling til den russiske nasjon, og i august året etter var det offisiell opning av museet. Med nærare 140 000 verk er det i dag, ved sidan av Eremitasjen i St. Petersburg, verdens største samling av russisk kunst.

Pavel Tretjakov og broren Sergej er også kjend for å ha finansiert oppsraten og drifta av ein skule for døvstumme i Moskva.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]