Vasilij Surikov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett

Vasilij Ivanovitsj Surikov[1] (24. januar 184819. mars 1916), var ein russisk kunstmålar, medlem av Peredvizjnikij-gruppa. Fleire av hans måleri er mellom dei mest vidkjende i Russland.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Surikov var frå Krasnojarsk, han stamma frå sibirske kosakkar. Etter han hadde fullført ei utdanning i heimbyen, studerte han målarkunst i tida mellom 1869 og 1871. Mellom lærarane hans ved Det keisarlege kunstakademiet i St. Petersburg var Pavel Tsjistjakov. I 1877 flytta han til Moskva og slo seg ned der. Her arbeidde han i fyrste tida med nokre imponerande fresker i Frelsaren Kristus-katedralen.

I året 1881 vart han med i Peredvizjnikij-rørsla. Etter han hadde selt eit par historiemåleri, fekk han råd til å legge ut på studieferd til Tyskland, Italia, Frankrike og Austerrike. I 1893 vart han fullverdig medlem av St. Petersburg Kunstakademi.

Histore-målar. Ry[endre | endre wikiteksten]

Bojarina Morozova, 1887

Vasilij Surikov vert halden som Russlands fremste målar kva gjeld historie-måleri i storformatet. Hovudverka hans tel med mellom dei mest kjende måleria i russisk målarkunst, endå om han berre laga ni store historie-måleri. Han måla over hundre portrett og mindre studiar.

Moskvas kunstinstitutt samt ei gate i Moskva er kalla opp etter han. I fødebyen Krasnojarsk er det reist eit minnesmerke. I året 1948 vart barndomsheimen omgjort til museum til ære for kunstnaren, der også nokre av hans verk er utstilt. Dei viktigaste verka finst likevel på utstilling i Moskva, ein del i Tretjakovgalleriet medan andre er i Russlands Museum.

Han døydde 1916 i Moskva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Wassili Iwanowitsch Surikow

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. russisk Василий Иванович Суриков