Pegmatitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pegmatitt frå NordaustlandetSvalbard, fotografert på Barentsburg museum.

Pegmatitt er ein storkornet granittisk djup- eller gangbergart. Han finst ofte med minerala alkalifeltspat, plagioklas, kvarts og glimmer og ofte inneheld pegmatittar òg turmalin, topas, beryll og fleire andre meir sjeldne mineral.

Det er to hovudtypar av pegmatittar, granittpegmatittar og nefelinsyenitt-pegmatittar, som omfram skilnader i hovedmineralogi òg skil seg med omsyn til innhaldet av sjeldne bimineral. Granitt-pegmatittar er særs utbreidd i Noreg, særleg i Østfold, i Bamble og langs sørlandskysten, i Tørdal, Iveland og Evje og i Tysfjord. Nefelinsyenitt-pegmatittane er særleg kjende ved Langesundsfjorden og elles i Vestfold, og på Grønland og Kola.

Namnet pegmatitt kjem av gresk pegma som tyder «binding» eller «nettverk».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (14. februar 2009). Pegmatitt. I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/pegmatitt.