Pelargonium
| Pelargonium | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Rosopsida | |
| Underklasse: | Rosidae | |
| Orden: | Geraniaceae | |
| Vitskapleg namn | ||
| Pelargonium | ||
Pelargonium, også kalla geranium, er ei biologisk slekt i storkenebbfamilien (Geraniaceæ). Slekta har rundt 200 artar, og omfattar buskar, sukkulentar og fleirårige blomar. Mange av desse blir dyrka som potte- eller hageplantar.
Dei fleste pelargoniumartana stammar frå floraregionen Cape i det sørlege Afrika. Den første kjende planten som blei frakta til Europa og dyrka var Pelargonium triste, truleg før 1600. Johannes Burman gav slekta namnet Pelargonium i 1738 etter gresk pelargós (πελαργός), 'stork', ettersom ein del av blomen minner om eit storkenebb. Det tidlegare slektsnamnet, Geranium, gjeve av Linné, tyder 'trane'. Denne slekta blei delt inn i noverande Geranium og Pelargonium av Charles L'Héritier i 1789.
Pelargonium blir dyrka som pynte- og nytteplantar. Rosengeranium (P. graveolens) blir brukt i parfymeindustrien for ulike lukter. Blad og blomar kan også brukast til å smaksetta dessertar og te.
-
Rosengeranium (P. graveolens)
-
Hagepelargonia Pelargonium x hortorum
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pelargonium» frå Wikipedia på engelsk, og «Pelargonsläktet» frå Wikipedia på svensk den 13. juli 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Pelargonien» frå Wikipedia på tysk, den 13. juli 2010.