Stork

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stork

Status i verda: LC Livskraftig

Foto: André Karwath
Foto: André Karwath

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Ciconiiformes
Familie: Ciconiidae
Slekt: Ciconia
Art: C. ciconia
Vitskapleg namn
Ciconia ciconia
Storkeeegg.

Stork (Ciconia ciconia) er ein stor fugl i storkefamilien Ciconiidae. Fjørdrakta er hovudsakleg kvit, med svartvengene. Vaksne har lange raude bein og lange spisse raudfarga nebb, og måler gjennomsnittleg 100-115 centimeter frå nebbspissen til enden av halen, med 195-215 cm vengespenn. Dei to underartane, som skil seg litt i storleik, hekkar i Europa, nordvestlege Afrika, sørvestlege Asia aust til Sør-Kasakhstan, og Sør-Afrika. Stork er ein langdistanseflyttfugl, overvintrar i Afrika frå tropisk Afrika sør for Sahara til så langt sør som Sør-Afrika, eller på det indiske subkontinentet. Når dei trekkjer mellom Europa og Afrika, unngår dei å krysse Middelhavet og tar heller omvegar om Levanten i aust eller Gibraltarstredet i vest, fordi termikken som flukta deira avheng av ikkje førekjem over vatn.

Som kjøtetar, et storken av eit breitt spekter av byttedyr, inkludert insekt, fisk, amfibium, krypdyr, små pattedyr og småfuglar. Han plukkar det meste av maten frå bakken, inne i låg vegetasjon eller på grunt vatn. Dei er monogame, men har ikkje livslang pardanning. Begge kjønna deltar i bygging av eit stort reir av kvistar som kan bli brukt i fleire år. Kvart år legg hoa eit kull på vanlegvis fire egg, som blir klekt asynkront etter 33 til 34 dagar. Begge foreldra tar del i ruging og syter for mat til ungane. Om lag 58-64 dagar etter klekking forlèt ungane reiret, og foreldra held fram med å mate dei i ytterlegare 70-20 dagar.

IUCN vurderer stork som livskraftig på verdsbasis. I mellomalderen drog storken nytte av menneskeleg aktivitet som skogsrydding, men endringar i driftsformer og industrialisering førte til nedgang og fråvere frå delar av Europa på 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Program for vern og gjeninnføring over heile Europa har resultert i at storken tar opp att hekking i Nederland, Sveits og Sverige. Han har få naturlege fiendar, men kan bere fleire parasittypar: fjørdrakta er heimen til lus og fjørmidd, medan det store reira held eit variert utval av mesostigmate midd.

Denne iaugefallande fuglen har gjeve opphav til mange legender over heile utbreiingsområdet, kor den mest kjende er historia om at storkar bingar med seg spedborn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]