Perleugle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Perleugle | ||
| Systematikk | ||
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Strigiformes | |
| Familie: | Strigidae | |
| Slekt: | Aegolius | |
| Vitskapleg namn | ||
| Aegolius funereus | ||
Perleugla er mellom dei mindre norske ugleartane og kan bli funnen i Trøndelag og på aust- og sørlandet. Arten føretrekk gamal barskog, og lever i store delar av Eurasia og Nord-Amerika.
Skildring [endre]
Perleugla vert opptil 25 cm lang og kan vega opptil 160 g. Fjørdrakta er gråbrun med store kvite flekkar på oversida, undersida er lysare. Ungfuglar er heilt brune.
Hekking [endre]
Perleugla hekkar frå mars til juni, og nyttar som regel reirhol frå større hakkespettar. Hoa legg 3-7 egg og rugar dei i underkant av ein månad. Ungane vert verande hjå foreldra i litt over 30 dagar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Engelsk wikipedia
- Nicolay, Singer & Wothe: Fugler, Cappelens naturhåndbøker