Perm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For det geologiske tidsrommet, sjå permtida.
Perm
Пермь
Sibirskajagata i Perm
Sibirskajagata i Perm
Flagget til Perm Byvåpenet til Perm
Flagget til Perm Byvåpenet til Perm


Plassering
Perm is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Perm kraj
Grunnlagd 1723
Borgarmeister Igor Sjubin
Geografi
Flatevidd
 - By

800 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2014)
   - folketettleik

1 026 477
  1 283,1 /km²
Koordinatar 58°0′″N 56°15′″EKoordinatar: 58°0′″N 56°15′″E
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 614xxx
Retningsnummer (tlf) +7 (342)
Bilnummer 59, 81, 159
Nettstad: www.gorodperm.ru

Perm (russisk Пермь) er ein by i Russland ved elva Kama ved foten av Uralfjella. Byen er hovudstaden i regionen Perm kraj i den europeiske delen av Russland. Han har like over 1 million innbyggjarar og er eit viktig transportknutepunkt, med fire jernbanelinjer, elvehamn og flyplass. Byen har mykje tungindustri som sysselset nær 80 % av innbyggjarane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under tidlegmellomalderen budde finsk-ugriske stammar i området. På 1200- og 1300-talet blei det busett av russiske pelshandlarar og misjonærar frå Novgorod, og etter kvart blei dei første tettstadene grunnlagde etter ordre frå Moskva.

Perm er først nemnd som landsbyen Jagosjikh i 1647. Den verkelege byhistoria tok likevel først til Peter I av Russland si utvikling av Uralregionen. Byen blei grunnlagd av Vasilij Tatisjev, tsarutnemnd leiar for industriutviklinga i området, den 17. mai 1723. 29. oktober 1781 fekk han bystatus og det nye namnet Perm, og tjue år etter var han provinshovudstad.

Etter den russiske revolusjonen vart byen tatt av kvitegardistar under admiral Aleksandr Koltsjak, men vart få månader seinare gjenerobra av den raude armeen. I 1938 vart byen sentrum for Perm oblast, frå 1. desember 2005 for Perm kraj.

Frå 1940 til 1957 bar byen namnet «Molotov».

Byen i dag[endre | endre wikiteksten]

Perm er eit viktig administrativt, kulturelt, industrielt og vitskapleg senter. Hovudverksemdene er maskinproduksjon, forsvar, tre, kjemisk og petroleumsverksemd – rundt 3 % av den russiske petroleumsproduksjonen kjem frå Perm.

Perm har eit universitet, grunnlagd i 1916, og to katedralar frå 1700-talet. Fotballklubben Amkar, som har spelt i den russiske eliteserien sidan 2004, kjem frå Perm.

Han er vennskapsby med Louisville i Kentucky og Oxford i England.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perm