Russiske føderasjonssubjekt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den russiske føderasjonen består av 83 føderale subjekt. Desse subjekta er delt inn i fleire ulike kategoriar:

  1. 21 republikkar har eiga grunnlov, parlament og president. Dei fleste av desse er nominelt heimland for eitt eller fleire ikkje-russiske folkeslag.
  2. 46 provinsar (oblast) for det meste folkesett av russarar, dei fleste er i den europeiske delen av Russland. Også kalla fylke på norsk.
  3. 1 sjølvstyrt provins
  4. 9 territorium (kraj («land»)) kan samanliknast med provinsane, men er til vanleg meir perifere og tynt folkesette.
  5. 4 sjølvstyrte distrikt (okrug) har meir sjølvstyre enn provinsane, men mindre enn republikkane. Desse finst stort sett i Sibir og har normalt ein eller fleire urfolk som dominerande etnisk minoritet. Dei er oftast samstundes del av ein provins.
  6. 2 føderale byar: Moskva og St. Petersburg.

Alle desse einingane er framhald av administrative einingar frå Sovjetunionen, med unntak av Tsjetsjenia og Ingusjetia. Under oppløysingsprosessen av Sovjetunionen oppmoda Boris Jeltsin provinsane til å «gripa så mykje autonomi som de kan svelja». Som resultat av dette tok fleire område på eiga hand over stor makt frå sentralstaten. Tsjetsjenia erklærte fullt sjølvstende frå Russland, og fleire andre republikkar såg ut til å planleggja det same. Det såg ei stund ut som om den russiske føderasjonen òg stod i fare for å gå i oppløysing, men i mars 1992 vart ein ny føderasjonstraktat underteikna. Fleire føderasjonssubjekt venta med å skriva under på denne til dei hadde forhandla fram spesielle avtalar med sentralmakta som gav dei større sjølvstyre og kontroll over eigne skatteinntekter. Tatarstan var det siste subjektet som skreiv under, i februar 1994, etter å ha kome fram til ein avtale som gav republikken assosiert status i den russiske føderasjonen. Utover 1990-talet forhandla fleire og fleire av føderasjonssubjekta fram sine eigne bilaterale avtalar med sentralmakta i føderasjonen, innan 1998 hadde 46 av føderasjonssubjekta fått slike avtalar, som gav dei varierande grad av sjølvstyre og kontroll over eigne skatteinntekter.

Eit trekk ved regjeringstida til Vladimir Putin har vore hans forsøk på å styrka sentralmakta og ta attende makt frå dei einskilde føderasjonssubjekta. I 2000 vart det oppretta sju føderale distrikt, som står over subjekta. Kvart distrikt vert leia av ein representant for presidenten, som vert utnemnt av den russiske føderasjonen sin president. Representanten for presidenten har til oppgåve å passa på at dei føderale subjekta overheld den russiske grunnlova. Opprettinga av dei føderale distrikta vart sett som eit tiltak for å sentralisera den russiske staten.

Alle subjekta har to representantar i det russiske føderasjonsrådet, som er overhuset i den russiske nasjonalforsamlinga. Frå 1993 hadde republikkane folkevalde presidentar, og dei andre subjekta folkevalde guvernørar. I 2004 vart dette endra. Presidentar og guvernørar vert no utpeika av presidenten i den russiske føderasjonen, og må så godkjennast av den lokale folkevalde forsamlinga.

Kart og liste over subjekta[endre | endre wikiteksten]

Kart over russiske føderale subjekt
Nr Forkorting Subjekt Hovudstad Føderalt distrikt
Republikkar - республики - respubliki
01 AD Adygeja (Адыгея) Majkop (Майкоп) Sørlege
02 BA Basjkortostan (Башкортостан) Ufa (Уфа) Privolzjskij (Volga)
03 BU Burjatia (Бурятия) Ulan-Ude (Улан-Удэ) Sibir
04 AL Altaj (Алтай) Gorno-Altajsk (Горно-Алтайск) Sibir
05 DA Dagestan (Дагестан) Makhatsjkala (Махачкала) Sørlege
06 IN Ingusjetia (Ингушетия) Magas (Магас) Sørlege
07 KB Kabardino-Balkaria (Кабардино-Балкарская) Naltsjik (Нальчик) Sørlege
08 KL Kalmykia (Калмыкия) Elista (Элиста) Sørlege
09 KC Karatsjajevo-Tsjerkessia (Карачаево-Черкесская) Tsjerkessk (Черкесск) Sørlege
10 KR Karelia (Карелия) Petrozavodsk (Петрозаводск) Nordvestlege
11 KO Komi (Коми) Syktyvkar (Сыктывкар) Nordvestlege
12 ME Marij-El (Марий-Эл) Josjkar-Ola (Йошкар-Ола) Privolzjskij (Volga)
13 MO Mordovia (Мордовия) Saransk (Саранск) Privolzjskij (Volga)
14 SA Sakha (Jakutia) (Саха (Якутия)) Jakutsk (Якутск) Fjerne Austen
15 SE Nord-Ossetia (Alania) (Северная Осетия) Vladikavkaz (Владикавказ) Sørlege
16 TA Tatarstan (Татарстан) Kazan (Казань; Tatarsk: Qazan) Privolzjskij (Volga)
17 TY Tyva (Тыва) Kyzyl (Кызыл) Sibir
18 UD Udmurtia (Удмуртская) Izjevsk (Ижевск) Privolzjskij (Volga)
19 KK Khakasia (Хакасия) Abakan (Абакан) Sibir
20 CE Tsjetsjenia (Чеченская) Groznyj (Грозный) Sørlege
21 CU Tsjuvasjia (Чувашская (Чаваш)) Tsjeboksary (Чебоксары) Privolzjskij (Volga)
Territorium - края - kraja
22 ALT Altaj kraj (Алтайский) Barnaul (Барнаул) Sibir
75 Zabajkalskij (Забайкальский) Tsjita (Чита) Sibir
41 KAM Kamtsjatka (Камчатский) Petropavlovsk-Kamtsjatskij (Петропавловск-Камчатский) Fjerne Austen
23 KDA Krasnodar (Краснодарский) Krasnodar (Краснодар) Sørlege
24 KYA Krasnojarsk (Красноярский) Krasnojarsk (Красноярск) Sibir
90 PER Perm (Пермский) Perm (Пермь) Privolzjskij (Volga)
25 PRI Primorskij (Приморский) Vladivostok (Владивосток) Fjerne Austen
26 STA Stavropol (Ставропольский) Stavropol (Ставрополь) Sørlege
27 KHA Khabarovsk (Хабаровский) Khabarovsk (Хабаровск) Fjerne Austen
Provinsar - области - oblasti
28 AMU Amur (Амурская) Blagovesjtsjensk (Благовещенск) Fjerne Austen
29 ARK Arkhangelsk (Архангельская) Arkhangelsk (Архангельск) Nordvestlege
30 AST Astrakhan (Астраханская) Astrakhan (Астрахань) Sørlege
31 BEL Belgorod (Белгородская) Belgorod (Белгород) Sentrale
32 BRY Brjansk (Брянская) Brjansk (Брянск) Sentrale
33 VLA Vladimir (Владимирская) Vladimir (Владимир) Sentrale
34 VGG Volgograd (Волгоградская) Volgograd (Волгоград) Sørlege
35 VLG Vologda (Вологодская) Vologda (Вологда) Nordvestlege
36 VOR Voronezj (Воронежская) Voronezj (Воронеж) Sentrale
37 IVA Ivanovo (Ивановская) Ivanovo (Иваново) Sentrale
38 IRK Irkutsk (Иркутская) Irkutsk (Иркутск) Sibir
39 KGD Kaliningrad (Калининградская) Kaliningrad (Калининград) Nordvestlege
40 KLU Kaluga (Калужская) Kaluga (Калуга) Sentrale
42 KEM Kemerovo (Кемеровская) Kemerovo (Кемерово) Sibir
43 KIR Kirov (Кировская) Kirov (Киров) Privolzjskij (Volga)
44 KOS Kostroma (Костромская) Kostroma (Кострома) Sentrale
45 KGN Kurgan (Курганская) Kurgan (Курган) Ural
46 KRS Kursk (Курская) Kursk (Курск) Sentrale
47 LEN Leningrad (Ленинградская) St. Petersburg (Санкт-Петербург) Nordvestlege
48 LIP Lipetsk (Липецкая) Lipetsk (Липецк) Sentrale
49 MAG Magadan (Магаданская) Magadan (Магадан) Fjerne Austen
50 MOS Moskva (Московская) Moskva (Москва) Sentrale
51 MUR Murmansk (Мурманская) Murmansk (Мурманск) Nordvestlege
52 NIZ Nizjegorod (Нижегородская) Nizjnij Novgorod (Нижний Новгород) Privolzjskij (Volga)
53 NGR Novgorod (Новгородская) Velikij Novgorod (Великий Новгород) Nordvestlege
54 NVS Novosibirsk (Новосибирская) Novosibirsk (Новосибирск) Sibir
55 OMS Omsk (Омская) Omsk (Омск) Sibir
56 ORE Orenburg (Оренбургская) Orenburg (Оренбург) Privolzjskij (Volga)
57 ORL Orjol (Орловская) Orjol (Орёл) Sentrale
58 PNZ Penza (Пензенская) Penza (Пенза) Privolzjskij (Volga)
60 PSK Pskov (Псковская) Pskov (Псков) Nordvestlege
61 ROS Rostov (Ростовская) Rostov-na-Donu (Ростов-на-Дону) Sørlege
62 RYA Rjazan (Рязанская) Rjazan (Рязань) Sentrale
63 SAM Samara (Самарская) Samara (Самара) Privolzjskij (Volga)
64 SAR Saratov (Саратовская) Saratov (Саратов) Privolzjskij (Volga)
65 SAK Sakhalin (Сахалинская) Juzjno-Sakhalinsk (Южно-Сахалинск) Fjerne Austen
66 SVE Sverdlovsk (Свердловская) Jekaterinburg (Екатеринбург) Ural
67 SMO Smolensk (Смоленская) Smolensk (Смоленск) Sentrale
68 TAM Tambov (Тамбовская) Tambov (Тамбов) Sentrale
69 TVE Tver (Тверская) Tver (Тверь) Sentrale
70 TOM Tomsk (Томская) Tomsk (Томск) Sibir
71 TUL Tula (Тульская) Tula (Тула) Sentrale
72 TYU Tjumen (Тюменская) Tjumen (Тюмень) Ural
73 ULY Uljanovsk (Ульяновская) Uljanovsk (Ульяновск) Privolzjskij (Volga)
74 CHE Tsjeljabinsk (Челябинская) Tsjeljabinsk (Челябинск) Ural
76 YAR Jaroslavl (Ярославская) Jaroslavl (Ярославль) Sentrale
Føderale byar - федеральные города - federalnyje goroda
77 MOW Moskva (Москва) Sentrale
78 SPE St. Petersburg (Санкт-Петербург) Nordvestlege
Sjølvstyrt provins - автономная область - avtonomnaja oblast
79 YEV Jødiske (Еврейская) Birobidzjan (Биробиджан) Fjerne Austen
Sjølvstyrte distrikt - автономные округа - avtonomnyje okruga
83 NEN Nenetsia (Ненецкий) Narjan-Mar (Нарьян-Мар) Nordvestlege
86 KHM Khantia-Mansia (Ханты-Мансийский) Khanty-Mansijsk (Ханты-Мансийск) Ural
87 CHU Tsjukotka (Чукотский) Anadyr (Анадырь) Fjerne Austen
89 YAN Jamalo-Nenetsk (Ямало-Ненецкий) Salekhard (Салехард) Ural

Samanslåingar[endre | endre wikiteksten]

Russian Subjects merged.png

Fleire subjekt har frå 2005 av blitt slått saman til større område. 7.desember 2003 vart det godkjend i ei folkeavrøysting å slå saman Komi-Permjakia og Perm oblast til eit nytt Perm kraj. Dette hende 1. desember 2005. Det neste vart ei innlemming av Evenkia og Tajmyr i Krasnojarsk kraj, dette vart godkjend i ei folkeavrøysting 17. april 2005, og fann stad 1. januar 2007. Den 23. oktober 2005 fann det stad ei folkeavrøysting om å slå saman Kamtsjatka oblast og Korjakia, resultatet vart positivt, og dette fann stad 1. juli 2007. 1. januar 2008 vart Ust-Orda Burjatia slått saman med Irkutsk oblast. 1. mars 2008 vart Aga-Burjatia slått saman med Tsjita oblast og danna Zabajkalskij kraj.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Russia and the Former Soviet Republics Maps, Perry-Castañeda Library Map Collection