Yersinia pestis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Yersinia pestis er ein bakterie i familien Enterobakteriar. Y. pestis smittar pattedyr og finst særleg hos smågnagarar. Den kan spreie seg til menneske gjennom loppar og gjev pest. Pest har gjeve opphav til store dødstal ved fleire kjente epidemiar i historisk tid (utan medisinsk tilsyn har pest høg letalitet), som t.d. Svartedauden som tok livet av mellom ein tredel og halvparten av folkesetnaden i Europa. Mellom 1987 og 2001 blei det rapportert 36 876 tilfelle av pest til WHO, av desse døyde 2 847[1].

Slekta Yersinia er ein Gram negativ, kokkebakterie, og som andre enterobakteriar har den eit gjæringsstoffskifte. Yersinia pestis produserer eit antifagocytisk slim.

Innhaldsliste

Historie [endre]

Y. pestis blei oppdaga i 1894 av den sveitsiske/franske legen og bakteriologen Alexandre Yersin i samband med ein epidemi i Hong Kong.

Behandling [endre]

Y. pestis er særs sensitiv overfor antibiotika, t.d. streptomycin og kloramfenikol.

Kjelder [endre]

  1. Michael B Prentice og Lila Rahalison, “Plague,” Lancet 369 (2007): 1196-207.

Bakgrunnsstoff [endre]