Piggvar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piggvar
Piggvar
Piggvar
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Flyndrefisk Pleuronectiformes
Underorden: Pleuronectoidei
Familie: Varfamilien Scophthalmidae
Slekt: Scophthalmus
Art: Piggvar S. maximus
Vitskapleg namn
Scophthalmus maximus

Piggvar (Scophthalmus maximus) er ein flyndrefisk i varfamilien. Han har ein tjukk nesten rund kropp, med lengde opp til 1 m og vekt på 25 kg. Flyndra er vanlegvis venstrevridd og liknar på slettvar, men er lett å skilja frå denne på at skinnet på den farga sida (oppsida) har spreidde beinknutar, og dessutan er kroppsforma breiare. Den farga sida er gråspragla. Blindsida er vanlegvis reint kvit bortsett frå nokre mørke flekkar ved hovudet.

Piggvaren lever på sandbotn, helst på høvevis grunt vatn. Han er mest aktiv om sommaren, om vinteren ligg han mykje i ro. Føda er hovudsakleg botnlevande fiskar, som sil (tobis) og kutlingar, og til ei viss grad av fleirbørstemakkar og andre botndyr. Piggvaren er utbreidd langs det meste av norskekysten nord til Nordland.[1]

Matfisk[endre | endre wikiteksten]

Piggvaren har eit ganske fast, heilt kvitt kjøt med delikat smak, og er høgt skatta som matfisk. Han er ein av dei best betalte fiskane frå norske farvatn. Dei gamle romarane lovpriste piggvar som «fasanen frå havet». Piggvaren blir fanga med garn og snurrevad, ein del blir òg tatt av sportsdykkarar. Oppdrettspiggvar blir seld til fiskegrossistar som igjen leverer det meste til eksklusive restaurantar.

Oppdrett[endre | endre wikiteksten]

På grunn av særs høg salspris har piggvaren vore ein attraktiv art for fiskeoppdrett. Han liker varmt vatn, og fleire av oppdrettsforsøka har vore knytte til kraftverk med tilgang på varmt spillvatn. Stolt Sea Farm Turbot Norway AS nyttar spillvarme frå Eramets smelteverk i Kvinesdal i Agder og har dei siste åra vore det einaste piggvaroppdrettet i Noreg. Årskapasiteten er 250 tonn piggvar. Bløgga oppdrettspiggvar blir reinsa og pakka av Ulland AS på øya Hidra i Flekkefjord. Stolt-Nielsen Ltd. har òg fleire piggvaroppdrett i Spania med ein årskapasitet på over 5000 tonn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Artsdatabankens artsopplysninger». Artsdatabanken. 4. august 2020. Henta 4. august 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur