Pincoyastormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pincoyastormsvale
Utbreiing og status
Status i verda: DatamangelUtbreiinga av Pincoyastormsvale
Utbreiinga av Pincoyastormsvale
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Oseansvalefamilien Oceanitidae
Slekt: Oceanites
Art: Pincoyastormsvale O. pincoyae
Vitskapleg namn
Oceanites pincoyae

Pincoyastormsvale (Oceanites pincoyae) er ein nyleg skildra fugleart i oseansvalefamilien, Oceanitidae, som er kjent frå kysten av Chile i Sør-Amerika.

Namnet pincoya er frå ei mytisk vakker sjønymfe i chilote-mytologien som symboliserer fruktbarheita i havet, hjelper seglarar i nød og dansar på bølgjene for å indikere god eller dårleg tilgjenge på fisk.[1]

Utbreiing og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Arten vart skildra så seint som i 2013 og har berre vore observert i farvatnet nær øya Chiloé i Los Lagos-regionen i Chile. Arten vart først oppdaga i 2009 inne i Reloncavíbukta sør for byen Puerto Montt. Arten er òg observert i Chacaokanalen. I februar 2011 organiserte ornitologen Peter Harrison ein ekspedisjon til havområdet utanfor Puerto Montt og i løpet av fire dagar vart over 1500 individ observerte. Pincoyastormsvala er plassert i den biologiske slekta Oceanites saman med oseanstormsvale og dansestormsvale.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Pincoyastormsvala er svart og kvit og blir observert i felt som ei kryssing mellom oseanstormsvale (tidlegare kjent som wilsonstormsvale) og maoristormsvale. Som dei andre i slekta har ho ein rett avkutta mørk hale og eit hesteskoforma kvitt felt på overgumpen. Lyse vengedekkarar på både under- og oversida er ein distinkt karakter. Under flukt stikk føtene ut bak halen.[2]

Arten er berre kjend frå observasjonar til sjøs og frå to eksemplar samla inn i landet ved El Bolson, Argentina. Det har vorte antyda at arten høyrer heime i området og hekkar anten på øyar og holmar i chilenske fjordar eller kanskje i innlandet. Pincoyastormsvala søkjer føde på havoverflata eller under flukt og kan gjere stupdukk og korte dukk på eit til tre sekund. Ho kan òg ta seg over overflata av havet som ei mus med vengene lukka.[2]

IUCN har ikkje sett fast ein status på arten fordi det manglar kunnskap om bestandsstorleik og utviklingstrend.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Harrison, Peter; Sallaberry, Michel; Gaskin, Chris P.; Baird, Karen A.; Jaramillo, Alvaro; Metz, Shirley M.; Pearman, Mark; O'Keeffe, Michael; Dowdall, Jim; Enright, Seamus; Fahy, Kieran (1. januar 2013). «A New Storm-Petrel Species from Chile». The Auk (på engelsk) 130 (1): 180–191. ISSN 0004-8038. doi:10.1525/auk.2012.12071. 
  2. 2,0 2,1 Medrano, F. og H. V. Norambuena (2022). Pincoya Storm-Petrel (Oceanites pincoyae), version 2.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.pumstp1.02
  3. BirdLife International (2023) Species factsheet: Oceanites pincoyae. Henta 5. mars 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Pincoyastormsvale