Piniós i Thessalía

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå óg Piniós på Peloponnes.
Piniós
Πηνειός
Utspring Píndosfjella
Munning Egearhavet
Land i nedslagsfelt Hellas Hellas
Lengd 216 km

Piniós (gresk Πηνειός), òg kalla Pineios og Peneus, er ei elv i Thessalía i Hellas. Elva er kalla opp etter guden Penevs, men har dei siste 1000 åra som regel vorte kalla Salambria.

Piniós renn frå Píndosfjella og munnar ut i Egearhavet nordaust for Témbi, nær Stómio. Ho dannar eit stort delta, som er kjend for sin vakre natur og mange dyreartar og som er verna av internasjonale miljøvernsavtalar. Ho har ei lengd på 216 km og har kjelde nord i Píndosfjella, aust for Métsovo. Meteoraområdet og byane Tríkala og Lárisa ligg ved Piniós. I 1960-åra vart det bygd ein motorveg mellom Aten og Thessaloníki i Témbidalen, men dette øydela ikkje det spesielle miljøet.

Slagskipet «Piniós» er kalla opp etter elva.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]