Thessaloníki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thessaloníki
Lokalt namn: Θεσσαλονίκη
Det kvite tårnet i Thessaloníki
Det kvite tårnet i Thessaloníki
Geografi
2011 Dimos Thessalonikis.png
Stad Makedonía
Koordinatar 40°38′N 22°57′EKoordinatar: 40°38′N 22°57′E
Areal 26,5 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Thessaloníki
Hovudsete Thessaloníki (789 191 innb.)
Demografi
Folketal 325 182 (2011[1])
Folketettleik 16 855,8 /km²
Byflagget til Thessaloníki

Thessaloníki (gresk Θεσσαλονίκη) eller Salonika er den nest største byen i Hellas og hovudstaden i Gresk Makedonia, i periferieininga Thessaloníki og i periferien Sentral-Makedonía. Storbyområdet til Thessaloníki strekkjer seg rundt Thermaikósbukta og består av fleire kommunar. Dei sentrale delane av byområdet dannar kommunen Thessaloníki, som etter ei folketeljing i 2011 hadde 325 182 innbyggjarar. Byområdet med 789 191 innbyggjarar omfattar òg kommunane Kalamariá, Neápoli-Sykiés, Pávlos Melás, Ambelókipi-Meneméni, Kordelió-Évosmos og kommunaleininga Pyléa i kommunen Pyléa-Khortiátis. Til storbyområdet, som i 2011 hadde 1 012 397 innbyggjarar, reknar ein resten av Pyléa-Khortiátis og kommunane Délta, Oreókastro, Thérmi og Thermaikós.

Thessaloníki er ein travel by og det nest største økonomiske, industrielle, kommersielle og kulturelle senteret i landet, i tillegg til eit trafikknutepunkt for Søraust-Europa. Den kommersielle hamna er viktig for Hellas og nabolanda rundt, medan dei to universiteta her til saman har flest studentar i heile Hellas. Byen har mange bygningar og monument frå tida under Austromarriket og Det osmanske riket, samt jødisk bygningar. Byen er kjend for den internasjonale handelsmessa som vert halde kvart år i september, medan den greske statsministeren årleg held ein tale i byen der han talar om regjeringsplanane for det komande året.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den hellenistiske perioden[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd omkring 315 fvt. av kongen Kassander av Makedonia ved den antikke byen Therma (i dag Thérmi) og 26 andre lokale landsbyar. Han kalla opp byen etter kona Thessaloniki, halvsystera til Aleksander den store. Ho fekk namnet av faren Filip II til minne om sigeren hans (Nike på gresk, uttalt Níki) over fokianarane, som vart slått ved hjelp av thessaliske ryttarar, dei beste i Hellas på den tida. Thessaloníki tyder «sigeren over thessalianarane». Thessaloníki utvikla seg raskt og så tidleg som på 1000-talet fvt. vart dei første bymurane bygd. Han var, som dei andre greske byane på denne tida, ein sjølvstyrt del av Kongedømet Makedonia, med sitt eige styre der kongen var representert og kunne blande seg inn i byen saker.

Romartida[endre | endre wikiteksten]

Det romerske forumet i Thessaloníki

Etter Makedonia sitt fall i 168 fvt. vart Thessaloníki ein by i Romarriket. Han voks til å verte ein viktig handelsstad langs Via Egnatia, ein romersk veg som knytte Byzantium (seinare Konstantinopel) med Dyrrhachium (Epidamnos) (i dag Durrës i Albania), og som gjorde handel mellom Europa og Asia enklare. Byen vart hovudstad eit av dei fire romerske distrikta i Makedonia. Han fekk halde privilegia sine, men vart styrt av ein praetor og hadde ein romersk garnison. Ei kort stund i det 1. hundreåret fvt. kom alle dei greske provinsane inn under Thessaloníki. Fordi byen vart eit viktig handelssentrum bygde romarane ei romsleg hamn, den kjende Skaptós Limín, som tok seg av handelen i byen fram til 1700-talet. På grunn av avleiringar frå elva Axiós (Vardar) vart det etter kvart bygd ei hamn lenger ute. Restane av den gamle hamna kan ein i dag finne under gata Odós Frágon, nær den katolske kyrkja.

Thessaloníki sin akropolis, som ligg i dei nordlege åsane, vart bygd i 55 fvt. av tryggingsårsaker etter at trakarar plyndra utkanten av byen.

Byen hadde ein jødisk koloni, oppretta i det 1. hundreåret, og var eit tidleg senter for kristendom. På si andre misjonærreise talte Paulus i synagogen i byen, og la grunnlaget for ei kyrkje. Jødane gjorde motstand mot han og dreiv han ut av byen, og han flykta til Véria. Paulus skreiv to av sine brev til det kristne samfunnet i Thessaloníki, Paulus’ fyrste brev til tessalonikarane og Paulus’ andre brev til tessalonikarane.

Thessaloníki fekk ein vernehelgen, St. Demetrios, i 306. Han skal ha gjort fleire mirakel som redda byen. Han var ein romersk Prokonsul i Hellas under den antikristne keisaren Maximian og døydde som martyr i eit romersk fengsel, der kyrkja Ájos Dimítrios ligg i dag, først bygd av den romerske underprefekten av Illyricum Leontios i 463. Andre viktige bygningar frå denne tida er Bogen og grava til Galerios, nær sentrum av den moderne byen.

Austromarrtida[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja tileigna Ájos Dimítrios, vernehelgen for byen.
Metropolitankyrkja i Thessaloníki, St. Gregorius Palamas.
Kyrkja for Heilag Visdom (Αγία Σοφία - Ajía Sofía) i Thessaloníki.
Mosaikk frå Ájos Dimítrios frå 600-talet som viser borna til St. Demetrios.

Romarriket vart delt i ein austleg og vestleg del kom Thessaloníki inn under Austromarriket, som vart styrt av Konstantinopel. Thessaloníki var den nest viktigaste byen i dette riket. I 390 var byen åstad for eit opprør mot keisar Theodosius I og hans gotiske leigesoldatar. Botherik, generalen deira i lag med øvsteoffiserane hans, vart drepen då dei fengsla ein lokal stridsvognførar for pederasti med ein av Botherik sine slavegutar.[2] 7 000 - 15 000 av innbyggjarane vart massakrert i byen sinn hippodrom som hemn, noko som igjen førte til at Theodosius mellombels bannlyste byen.

Det følgde så ei roleg tid fram til fleire barbariske invasjonar etter Romarrikets fall og eit katastrofisk jordskjelv øydela store delar av byen i 620, som øydela det romerske forumet og andre offentlege bygg. Thessaloníki vart fleire gonger åtaka av slavarar på 600-talet, men dei klarte ikkje å erobre byen. Dei austromerske munkane St. Kyril og St. Methodios vart fødd i Thessaloníki og den austromerske keisaren Michael III oppfordra dei til å vitje dei nordlege områda som misjonærar. Dei tok opp sørslavisk språk som basis for kyrkjeslavisk. På 800-talet valde austromarane å flytte markedet for bulgarske varer frå Konstantinopel til Thessaloníki. Tsar Simeon I av Bulgaria invaderte Thrakia, slo den austromerske hæren og tvinga riket til å flytte markedet tilbake til Konstatinopel. I 904 klarte sarasenarar frå Kreta å erobre byen etter ti dagar med plyndring, og drog bort frå staden med mange skattar og 22 000 slavarar, stort sett unge folk.

Trass i dette kom byen seg raskt på fote att og då den austromerske makta kom i oppgang på 900-1100-talet fekk Thessaloníki ein ny gullalder med fred og velstand. Folketalet auka og i følgje Benjamin av Tudela hadde byen eit jødisk samfunn på 500 menneske på 1100-talet.

Den økonomiske oppgangen til byen haldt fram gjennom 1100-talet då Komnenoi-keisarane utvida Austromarriket til Serbia og Ungarn, langt i nord. Etter keisar Manuel I Komnenos i 1180 byrja det å gå nedover med Austromarriket, og i 1185 gjekk dei normanniske herskarane på Sicilia, med Grev Baldwin og Riccardo d'Acerra som førarar, til åtak på byen og okkuperte han. Dette førte til store øydeleggingar. Dei styrte i byen mindre enn eit år, sidan dei tapte to slag seinare på året mot den austromerske hæren og måtte flykte frå byen.

Konstantinopel vart erobra under det fjerde krosstoget i 1204 vart Thessaloníki og området rundt det største lenet i Det latinske riket, som dekte det meste av dei sentrale og nordlege områda av Hellas. Det vart gjeve av Baldwin I to rivalen hans Boniface av Montferrat, men i 1224 vart han omleira av Theodore Komnenos Doukas, den greske herskarane av Ipiros. Byen vart gjenerobra av Austromarriket i 1246. Trass i mange invasjonar hadde Thessaloníki ein relativt stor folkesetnad og blømande økonomi på denne tida.

Osmansk periode[endre | endre wikiteksten]

Gatene i Áno Póli frå den osmanske perioden.

Austromarriket klarte ikkje å stå imot framrykkinga til Det osmanske riket og selde byen til Republikken Venezia, som haldt han fram til han vart erobra etter ei tre dagar lang omleiring av den osmanske sultanen Murad II 29. mars 1430. Osmanarane hadde erobra Thessaloníki i 1387, men tapte han etter slaget ved Ankara mot Tamerlane i 1402.

I den osmanske perioden flytta mange muslimar og jødar til byen, og byen vart den største jødiske byen i verda i minst to hundre år, og av 130 000 innbyggjarar på starten av 1900-talet, var 60 000 sefardiske jødar.[3]

Thessaloníki, kalla Selâniktyrkisk, vart ein av dei viktigaste byane i riket, og det største handelssenteret på Balkan. Byen fekk jernbane i 1888 og ei ny og moderne hamn vart bygd i 1896-1904. Grunnleggaren av det moderne Tyrkia, Mustafa Kemal Atatürk, vart fødd her i 1881.

Selânik vart eit sanjaksenter i Rumeli eyalet frå 1393 til 1402 og igjen frå 1430 til 1864, då han vart ein vilayet (provins). Den osmanske vilayeten Selânik provins inkluderte sanjakane Selânik (Thessaloníki), Dráma og Sérres (Siroz eller Serez).

Den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Den yrande Níkisgata ved sjøsida av Thessaloníki.
Den makedonske instituttbygningen.

Under den første balkankrigen overgav ein osmansk garnison Thessaloníki til den greske hæren 9. november 1912. Den nest dagen kom den bulgarske hæren og kravde byen for Bulgaria. Så snart osmanarane var slått braut den andre balkankrigen ut mellom dei tidlegare allierte. Striden gjekk ut på kven som hadde krav på dei tidlegare osmanske territoria i området.[4] Den austerrikske regjeringa føreslo å gjere Thessaloníki til ein nøytral, internasjonal by, liknande det Gdansk seinare vart.

Kong Georg I av Hellas vart myrda under ei vitjing i Thessaloníki den 18. mars 1913 av Aleksandros Skhinas. Statusen til byen vart om sider slått fast med Bucaresttraktaten 10. august 1913, men i Hellas reknar ein frigjevinga av byen til å vere 26. oktober 1912, på festdagen for kysthelgenen St. Demetrios. I 1915 under den første verdskrigen nytta dei allierte byen som base for ein massiv offensiv mot Bulgaria. Ei mellombels regjering, som støtta dei allierte, leia av Eleftherios Venizelos, vart oppretta her, mot kongen av Hellas sin vilje, som ønska at Hellas skulle halde seg nøytrale.

Det meste av byen vart øydelagd under ein storbrann i 1917, som vart starta av franske soldatar ved eit uhell. Brannen gjorde 72 000 menneske heimlause (dei fleste av dei tyrkarar) av om lag 270 000 innbyggjarar. Venizelos tillét ikkje oppbygging av bysentrumet før ein fullstendig moderne byplan var ferdig. Denne var ferdig eit par år seinare, laga av den franske arkitekten og arkeologen Ernest Hebrard. Mange jødiske heimar vart øydelagd, og mange av dei flytta til Palestina, Paris eller Amerika.

Den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Thessaloníki vart okkupert av Nazi-Tyskland 9. april 1941. Okkupasjonen varte fram til 30. oktober 1944. Byen vart hardt råka av allierte bombetokt, og nesten heile den jødiske folkesetnaden vart utrydda av nazistane. Berre rundt eitt tusen jødar overlevde. Thessaloníki vart derimot gjenoppbygd og kom seg relativt raskt etter krigen.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

Kvelden 20. juni 1978 vart byen råka av eit kraftig jordskjelv med ein storleik på 6,5 på Richterskalaen. Skjelvet førte til store øydeleggingar på mange bygningar, inkludert nokre av dei austromerske monumenta. Førti menneske omkom då ei heil blokk kollapsa.

I 1988 kom tidlege kristne og austromerske monument i Thessaloníki på UNESCO si verdsarvliste. Thessaloníki vart Europeisk kulturhovudstad i 1997.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[5]

Den tidlegare kommunen Thessaloníki, no kommunaleininga Thessaloníki

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 2011, revidert
  2. Gibbon, The Decline and Fall of the Roman Empire, kap.27 2:56
  3. Mark Mazower, Salonica, City of Ghosts: Christians, Muslims and Jews, 1430-1950, London: HarperCollins, 2004. ISBN 0-00-712023-0
  4. Encyclopedia Britannica, 12. utgåva, 1922, vol. 30, s. 376
  5. Kallikratis-reforma

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thessaloníki