Plumbo
| Plumbo | |
Lars Erik Blokkhus under den andre delfinalen i Melodi Grand Prix 2012. |
|
| Opphav | Vestfold i Noreg |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Lars Erik Blokkhus Tommy Elstad Hasse Rønningen Glenn Hauger |
|
Plumbo er ein norsk rockegruppe frå Vestfold. Gruppa gav ut sitt fyrste album i 2002 og syng på norsk. Dei vann den andre delfinalen i Melodi Grand Prix 2012 med songen «Ola Nordmann» og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk dei vidare til gullfinalen og enda på fjerdeplass.
Spellemannprisen 2011 [endre]
Under Spellemannprisen 2011, 15. januar 2012, vann Plumbo prisen «årets hit» for songen Møkkamann. Då Plumbo skulle framføre sin takketale snudde vokalisten Lars Erik Blokkhus seg til Madcon og sa: «Vet du hva, når jeg ser på dere to så får låta plutselig et nytt navn - mokkamann». Saka fekk mykje oppmerksamd i media, mellom anna på Twitter. Plumbo vart bua av scena og fleire forlét salen fordi Blokkhus spøkte om hudfarga til Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam i Madcon. Seinare på kvelden helte Terje Winterstø Røthing frå Kaizers Orchestra eit glass øl over hovudet på Plumbo-vokalisten. Madcon kalla Blokkhus for eit «fittehøl». Seinare kom både Røthing, Madcon og Blokkhus med unnskyldningar for utsagna og handlingane sine. Mangaren til Madcon, Peter Peters sa at Madcon ikkje fekk med seg kva som vart sagt på scena og at det var ein mediaskapt sak. Etter hendinga haldt NRK møte og kom fram til at Plumbo skulle få delteke i Melodi Grand Prix 2012.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Plumbo (band)» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2012.
|
|
|||
|---|---|---|---|
| Semifinale 1 | Irresistible og Carlprit · Kim André Rysstad · Reidun Sæther · Rudi Myntevik · Lisa Stokke · United · Nora Foss al-Jabri · The Carburetors | ||
| Semifinale 2 | Cocktail Slippers · Isabel Ødegård · Tommy Fredvang · Rikke Lie · Malin · Plumbo · Minnie-Oh · Rikke Normann | ||
| Semifinale 3 | Tooji · Marthe Valle · Bobby Bare og Petter Øien · Yaseen og Julie Maria · Håvard Lothe Band · Silya Nymoen · The Canoes · The Canoes · Lise Karlsnes | ||
| Finalen | Tooji · Reidun Sæther · Lise Karlsnes · Plumbo · Malin · Nora Foss al-Jabri · The Carburetors · Bobby Bare og Petter Øien · Yaseen og Julie Maria · Tommy Fredvang
|
||