Ørland hovudflystasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ørland hovudflystasjon er ein av Luftforsvaret sine to hovudflystasjonar, og ligg i Ørland kommune i Sør-Trøndelag. Flystasjonen opererer F-16 jagarfly, Sea King redningshelikopter og E-3/AWACS overvakingsfly. Stasjonen er vidare ein del av beredskapsstyrken til NATO innanfor ramma av Forsvarets Innsatsstyrker Luft (FIST-L) og eit alliert treningssenter for NATO og PfP luftstyrkar.

Dagens situasjon[endre | endre wikiteksten]

Ørland hovudflystasjon er base for 138. luftving som vart grunnlagd i 2002. 138. luftving er den utøvande, operative eininga ved Ørland. Luftvingen består av ein sjef (brigader) med planstab (operative planleggjarar, tryggleiksoffiserar og så vidare), 338-skvadronen med F-16 Fighting Falcon MLU kampfly, Luftvernartilleribataljon Ørland med NASAMS luftvern og Basesett 1. 338-skvadronen har 22 flygarar. På logistikksida finst fleire logistikkfunksjonar der FLO Base Trøndelag utgjer den største eininga med eit ansvarsområde som famner heile Trøndelag samt opp til HV-avdelingane ved Drevja i nord til Setnesmoen i sør.

I tillegg er Sea King Mk 43 redningshelikopter frå 330-skvadronen stasjonert her. Avdelinga på Ørland er underlagt 134. luftvingSola flystasjon. Avdelinga er sett opp med fire helikoptermannskap à seks samt eit teknisk støtteelement med eit mannskap på 12 personar.

Luftvernartilleribataljonen (LVABn) er sett opp med NASAMS II (Norwegian Advanced Surface to Air Missile System) sidan 2007. Før dette bestod LVABn Ørland med typisk eitt batteri med tre til fire eldleiingseiningar som kvar kan ha tilkopla tre til fire utskytingseiningar. Kvar utskytingseining hadde ein kapasitet på seks AMRAAM-missil om gongen og gav ein eldstyrke på 72 missil, som kunne avfyrast tilnærma samstundes. NASAMS II er ein oppgradert og meir mobil utgåve.

Ørland hovudflystasjon har òg status som Forward Operating Location (FOL) (ikkje Base på grunn av norsk basepolitikk) for NATO sine ulike E3/AWACS overvakingsfly. I tillegg er det førehandslagra avionikkutstyr for kampfly knytt til US Marine Corps under programmet Marine Corps Prepositioning Program Norway, MCPP-N, på basen.

Utanom 138. luftving er basen sett opp med vaktlag, med vakt- og sikringsstyrke, samt hundepatrulje. Den daglege drifta av basen elles vert gjort av om lag 200 vernepliktige, i underkant av 100 offiserar og befal, samt nokre hundre sivilt tilsette. Totalt er basen dagleg arbeidsplass for om lag 1000 personar.

Ved sidan av å produsere flytimar, luftvernkapasitet osv. er samstundes Ørland hovudflystasjon utpeikt som eit alliert treningssenter for luftstyrkar knytt til NATO- og PfP-nasjonar. I tillegg er stasjonen òg definert som eit Centre of Excellence for Cold Weather Operations (COE-CWO), samt treningsområde for det nye avanserte data-kommunikasjonssystemet LINK-16. For å understøtte aktivitetar innanfor ramma av treningssenteret innehar basen mellom anna parkeringsområder for meir enn 100 fly og helikopter av ulik kategori samt meir enn 1000 ledige øvingssenger. I 2005 hadde flystasjonen om lag 150 000 gjestedøger og totalt sett foregår om lag 50 % av all utanlandsk trening i Noreg ved Ørland.

Bakgrunnen for at Ørland hovudflystasjon har oppnådd dagens status som eit treningssenter er hovudsakleg fordi stasjonen har ei unik geografisk plassering i europeisk målestokk på grunn av særs liten sivil flytrafikk, store øvingsområde over land og hav, minimale støyproblem, unik tilgang på kommunikasjonsmessige frekvensar, stor kompetanse på understøtte av store komplekse luftøvingar samt ein særs viktig tilstedeværelse av operative kapasitetar (F-16, Sea King, NASAMS, NATO og Force Protection). Sistnemnde er særs viktige bidragsytarar innanfor ramma av eit effektivt treningssenter.

Stasjonen er jamleg vertskap for øvingar som NATO Air Meet, Nordic Air Meet, Fighter Weapon Instructor Training (FWIT - Europa sitt svar på TOP GUN) og Swiss Nightway. I 2007 var stasjonen for femte gong vertskap for NATO Air Meet, noko som er unikt innanfor NATO. I tillegg vart det for første gong arrangert NATO Tiger Meet i Noreg i 2007 ved Ørland hovudflystasjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Flyplassen vart grunnlagd av nazistane i perioden 19411944. Bygginga starta i mars 1941. Anlegget omfatta flystripe og fleire bygningar og tekniske installasjonar. I tilknytting til flyplassen vart det bygd eit eige tankanlegg ved hamna på Brekstad. Dessutan vart det oppretta omfattande forsvarsverk i området. I samband med opprettinga av flyplassen vart det òg grunnlagd ein jernbane frå Brekstad hamn til flyplassen og nok eit spor fra Uthaug til flyplassen. Dette for å frakte materiell frå hamnene inn til flyplassen. Det låg planar om å halde fram utbygging av jernbane heilt opp til Steinkjer.

Av meir kjende landemerke vart det òg i løpet av krigen grunnalgd eit gedigent kanontårn på Austrått - nærare bestemt Lundahaugen - for å forsvare innseglinga til Trondheim. (Austrått fort) I praksis er dette C-tårnet frå det tyske lommeslagskipet Gneisenau, eit skip som vart offer for omfattande allierte (britiske) krigsøydeleggingar. Kanontårnet går fleire etasjar ned i fjellet og var tiltenkt ei oppsetting på meir enn 100 befal og soldatar. For å sikte inn på allierte skip vart det samstundes montert fleire sikteinstallasjonar, mellom anna eitt på Lørberen 1 km utanfor Brekstad. Ved triangulering vart nøyaktige måldata gjeve kanonen før skota vart avfyrt.

Etter at den andre verdskrigen var slutt, vart plassen overteken av norske styrkar 9. oktober 1945. Det vart derimot avgjort å legge ned verksemda og frå 1946 til 1951 var det ingen aktivitet på Ørland, med unntak av enkelte øvingar. Rullebanen som var bygd av tyskarane med hjelp av tresviller vart demontert og nytta til gjenoppbygging av øydelagde delar av Noreg - særskild i Nord-Noreg heilt opp til Finnmark.

I 1950 vart det avgjort at Ørland skulle byggast ut til feltflyplass for jetjagarfly og i april 1951 starta utbyggingsarbeidet. Flystripa vart gjenoppbygd og samstundes gjort lengre frå 1600 til 2300 meter. Under utbygginga vart flyplassen ein del av infrastrukturprogrammet til NATO. Utbygginga til NATO-standard var ferdig i juni 1952.

I 1954 vart 338 skvadronen oppretta ved Ørland hovudflystasjon og vart i første omgang utstyrt med materiell i kjølvatnet av amerikansk våpenhjelp til Noreg. Dei første flytypane var F-84 og F-86. I etterkant av våpenhjelpa investerte Norge i F-5 Freedom Fighter kampfly før det etter kvart vart ein overgang til noverande F-16 kampflyflåte. Per i dag vert det norske F-16 flyet rekna som eit av dei mest avanserte i verda i sin klasse, noko som skuldast særskild programmet Mid Life Update (MLU) og dei seinare programma M3 og M4.

Når det gjeld Luftvernartilleribataljonen så har han sidan starten operert med ulike kanon- og missilsystem. L-60 og seinare L-70 kanonar med tilhøyrande FCS-2000 radarsikte. Det strategiske missilsystemet NIKE, det svenske Man Portable Air Defence (MANPAD) systemet Robot-70 (RB-70) og missilsystemet Norwegian Adapted HAWK (NOAH) har òg vore innom Luftforsvaret sine luftvernbataljonar. For å imøtekome nye trusselbilete vart det i løpet av 80- og 90-talet avgjort at NASAMS skulle innførast samstundes som dei meir kalde krig-retta systema nytta tidlegare vart fasa ut i tur og orden.

Basesett 1 vart etablert i 2002 som ein «mobil flystasjonseining» i dei tilfella norske Luftkapasitetar, særskild F-16, skulle deployere i forbindelse med internasjonale operasjonar. I utgangspunktet var dette ei eining som vart dimensjonert med alle kapasitetar ein elles finn på ein permanent militær flystasjon i dag. Seinare er mykje av ansvarsområdet til avdelinga overført til FLO-organisasjonen slik at Basesett 1 i dag består av spesialistfunksjonar innanfor Force Protection, eller styrkevern. Dette personellet er skolert til å ivareta tryggleik for alle Luftforsvaret sine avdelingar som kan verte beordra internasjonalt uansett om det er F-16 kampfly, Bell 412 helikopter, DA-20 Jet Falcon, C-130 Hercules, NASAMS luftvern med meir.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Melodi Grand Prix 2011