Podtatranská kotlina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Podtatranská kotlina i Slovakia
Podtatranská kotlina sett frå Låge Tatra. Landsbyane på bilete er Liptovský Ján (senter), Uhorská Ves (venstre) og Podtureň (høgre).

Podtatranská kotlina er eit bekken nord i Slovakia som er ein del av Fatra-Tatra-området i Dei indre vestlege Karpatane.

Podtatranská kotlina strekkjer seg frå aust til vest og er om lag 80 km lang og rundt 10 km brei.

Området grensar til

Bekkenet er delt inn i tre område: Liptovská kotlina (Liptovbekkenet), Popradská kotlina (Popradbekkenet) og Tatranské predhorie (Tatra Piemonte).

Grensene mellom dei tre nemnde bekkena er òg vasskilja i området: Váh drenerer den vestlege delen, og munnar ut i Donau, som munnar ut i Svartehavet, og Poprad drenerer den austlege delen og munnar ut i Dunajec og Wisła, som munnar ut i Austersjøen.

Den gjennomsnittlege høgda på bekkenet er 700-800 meter over havet. Det lågaste punktet er nær Ružomberok på 475 moh og det høgaste nær Štrba på rundt 900 moh.

Opphavleg var området skogkledd, men er i dag avskoga for å nyttast til jordbruk.

Av byar i området finn ein Ružomberok, Liptovský Mikuláš, Liptovský Hrádok, Svit, Poprad, Kežmarok, Spišská Belá og Podolínec.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 49°4′59″N 20°0′0″E