Pop Ivan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Massivet Pop Ivan med ruinane av observatoriet på toppen.

Pop Ivan (ukrainsk Піп Іван; polsk Pop Iwan) er det tredje høgaste fjellet (etter Hoverla og Brebeneskul) i Tsjornohora (Czarnohora) i Ukraina med ei høgd på 2022 meter over havet.

I mellomkrigstida (1918-1939) markerte toppen den polsk - tsjekkoslovakiske grensa, og frå mars 1931 den polsk - ungarske grensa, og det var mange småtreffingar mellom OUN og polske grensevakter i området.

På toppen av Pop Ivan bygde polske styresmakter i 1936-1938 eit imponerande byggverk - eit astronomisk og meteorologisk observatorium, som vart kalla Biały Słoń, den kvite elefanten. I dag er byggverket i ruinar.

I dag ligg Pop Ivan, i lag med Czarnohora-fjella, i Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°02′31″N 24°37′32″E