Provinsen Potenza

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Provinsen Potenza
Nasjon Flag of Italy.svg Italia
Region Basilicata
Hovudstad Potenza
Areal 6 545 km²
Folketal (2005) 392 218
Folketettleik 60/km²
Kommunar 100
Bilnummer PZ
Postnummer 85010-85059
Retningsnummer (tlf) 0971-0973, 0975-0976
President Sabino Altobello
Potenza posizione.png
Plasseringa til Potenza i Italia


Provinsen Potenza (italiensk Provincia di Potenza) er ein provins i regionen Basilicata i Italia. Hovudstaden er byen Potenza. Han har eit areal på 6 545 km² og totalt 392 218 innbyggjarar (2005). Det er 100 kommunar i provinsen.

I 272 fvt. vart provinsen erobra av romarane. og dei kalla Basilicata Lucania. På 1000-talet vart området ein del av Hertugdømet Puglia då området var styrt av normannarar, og frå 1200-talet vart det ein del av Kongedømet Napoli. I røynda vart derimot Potenza styrt av ein lokal krigsherre. I 1861 vart provinsen ein del av Italia.

Regionen har gjennom tidene vorte råka av mange jordskjelv og ligg framleis i eit seismisk aktivt område. Byen Potenza er bygd mellom to dalar og vart nesten heilt gjenoppbygd etter eit kraftig jordskelv i 1857. Så etter mange jordskjelv og store øydeleggingar under den andre verdskrigen har området mista mange av dei historiske bygningane sine. Dette gjev inntrykk av ein region med moderne betongbygningar.

Største kommunar [endre]

Dei største kommunane i provinsen er (innbyggjartal frå 2005):

Kommune Innbyggjarar
Potenza 68 789
Melfi 17 173
Lauria 13 663
Lavello 13 635
Rionero in Vulture 13 443
Venosa 12 143
Avigliano 12 033
Senise 7 227
Tito 6 682
Sant'Arcangelo 6 531
Picerno 6 194
Genzano di Lucania 6 128
Muro Lucano 5 983
Lagonegro 5 980
Pignola 5 851
Bella 5 366
Maratea 5 270
Palazzo San Gervasio 5 115
Marsicovetere 5 063
Latronico 5 063

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]