Ragnar Hovland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland Bjoernsonfestvalen 2006.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 15. april 1952 (62 år)
Yrke Forfattar
Periode 1979-
Debut Alltid fleire dagar

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar fødd i Bergen.

Hovland voks opp i Strandvik i Midthordland og Luster i Sogn og var gymnastida i Stavanger. Han utdanna seg til cand.philol med engelsk, fransk og litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen i perioden 1972–80, og arbeidde sidan som medredaktør i tidsskriftet TUN, før han var lektor på Husnes i Sunnhordland frå 1980 til 84. Han var sidan lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i perioden 1987–92, før han fekk base i Oslo. Ragnar Hovland debuterte som forfattar i 1979 med romanen Alltid fleire dagar. Han skriv for barn, ungdom og vaksne, på nynorsk. Han har motteke ei rekkje prisar for forfattarskapen sin.

Ragnar Hovland er òg musikar. Han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane. Han har gjendikta Stephen Sondheims musikal Sweeney Todd til nynorsk.

I 1997 var Ragnar Hovland festspeldiktar ved Dei Nynorske Festspela. I mai 2008 var han festspeldiktar til Dei Litterære Festspela i Bergen.

Ragnar Hovland er dotterson til Bjørgvin-bispen og bibelomsetjaren Rangvald Indrebø.[1][2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Alltid fleire dagar (roman) 1979
  • Det får stå til (barnebok) 1980
  • Den flygande sykkelen og andre forteljingar (barnebok) 1981
  • Vegen smal og porten trang : historier 1981
  • Sveve over vatna (roman) 1982
  • Under snøen (roman) 1983
  • Jakta på Salamanderen (barnebok) 1983
  • Bussen til Peking (tekstar) 1984
  • Professor Moreaus løyndom (roman) 1985
  • Elefantmusikken (dikt) 1985
  • Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr (barnebok) 1986
  • Emil og kaffikokaren (barnebok) 1987
  • Love me tender (drama) 1988
  • Utanfor sesongen (roman) 1988
  • Skrivestadier 1989
  • Mercedes (ungdomsroman) 1989
  • Sjølvmord i Skilpaddekaféen (prosa) 1989
  • Konspirasjonar (essays) 1990
  • Gjest Baardsen døyr aleine ved Nilens breidd (drama) 1990
  • Paradis (roman) 1991
  • Ein motorsykkel i natta (roman) 1992
  • Ei lang reise (barnebok) 1992
  • Over Bali og Hawaii (drama) 1992
  • Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen (barnebok) 1993
  • Ein dag i Sherwoodskogen (barnebok) 1994
  • Eline og Julie tar ferja (roman) 1994
  • Dr. Munks testamente (roman) 1996
  • Norrøne gudar (sakprosa) 1996
  • Katten til Ivar Aasen møter hunden frå Baskerville (og andre dikt) 1996
  • Detektivforteljing (barnebok) 1998
  • Halve sanninga : Tre versjonar 1998
  • Åleine i Alpane (jubileumsbok) 1999
  • Ei vinterreise 2001
  • Norske gleder (essays) 2002
  • Verdt å vite (trur eg) (essays) 2002
  • Brevet (lettlestbok) 2006
  • 1964 (roman) 2006
  • Fredlaus (barne- og ungdomsbok) 2006
  • Dr. Munks popleksikon (oppslagsverk/ sjølvbiografi) 2008
  • Kunsten å komme heim og andre essay (essays) 2011
  • Stille natt (roman) 2011
  • Frå Ragnar til alle. E-post i utval. (konsulentutbrot) 2013
  • Om noko skulle skje (roman for ungdom) 2013

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. BlixBlog
  2. Vårt Land
  3. Ragnar Hovland fekk Aschehougprisen. bt.no (30. august 2012).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.