Sommarfuglmygg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sommarfuglmygg |
||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Hexapoda | |
| Klasse: | Insecta | |
| Orden: | Diptera | |
| Underorden: | Nematocera | |
| Infraorden: | Neoptera | |
| Familie: | Psychodidae | |
Sommarfuglmygg (Psychodidae) er ei gruppe mygg som liknar sommarfuglar på den måten at dei har hår på vengjene. Saman med at artane i slekta Psychoda heldt vengjene sine ut til sidene på same måte som sommarfuglane har dette gjeve familien namnet sitt. Dei er elles særs små og vert sjeldan lagt særleg merke til, me veit difor lite om utbreiinga deira.
Det er registrert 26 artar i gruppa i Noreg, men det totale artstalet er sannsynlegvis mykje høgare. I Europa er det kjend 274 artar totalt, medan det på verdsbasis er skildra rundt 1 500.
[endre] Kjenneteikn
Sommarfuglmygg er små insekt som ikkje vert større enn 5 mm på det største. Dei liknar til forveksling små møll på grunn av alt håret og vengjestillinga, men høyrer altså til myggane. Mellom trekka som er viktige når det kjem til bestemming av art kan ein nemna dei lange, mangeledda antennene, forma på kjønnsdelane og til ein viss grad mønsteret på vengjene hjå somme artar.
[endre] Levesett
Vaksne sommarfuglmygg er dårlege flygarar som helst sit i vegetasjon nær vatnet der dei levde som larvar. I Europa finst dei helst i stilleståande eller sakteflytande ferskvatn, men det førekjem òg artar som veks opp i rotnande plantemateriale, gjørme, møk, elver med mykje straum og saltvatn. Dei er i stand til å lukka trakéopningane på bakkroppen med dei vassavstøytande håra sine, og kan såleis halda pusten - somme artar over særs lang tid. Føda er algar og daudt organisk materiale.
Hjå dei fleste artane tek ikkje dei vaksne individa til seg føde. Nærare tropane finst det derimot somme blodsugarar som vert delt i underfamilien Phlebotominae.
[endre] Kjelder
- Håland, Øyvind: «Sommerfuglmygg - hva er det??» i Insekt-Nytt #4 1990
- Triplehorn, Charles A. & Johnson, Norman F.: «Diptera» i Borror and Delong's introduction to the Study of Insects Brooks/Cole 2005
- Tysk wikipedia

