Qujing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Qujings (gult) plassering i Yunnan

Qujing (kinesisk: 曲靖, pinyin: Qǔjìng) er eit byprefektur aust i provinsen Yunnan i det sørlege Kina, og som i aust grensar til provinsen Guizhou. Byprefekturet har eit areal på 29 855 km² og eit folketal på om lag 5,85 millionar.

Byprefekturet Qujing omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og sju fylke (县 xiàn).

Næring[endre | endre wikiteksten]

Viktigaste industrigreinene i Qujing er elektrisk kraft, tobakk-, bil-, og prosessindustri.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 320 går gjennom området. Han tek til i Shanghai og leier sørvestover til grensa mellom provinsen Yunnan og Myanmar. Undervegs er vegen innom byar som Hangzhou, Nanchang, Guiyang, Kunming og Dali. Også Kinas riksveg 326 leier gjennom området. Han byrjar i Xiushan i Chongqing og går inn i provinsen Guizhou, før han endar i Hekou i Yunnan, ved grensa til Vietnam og den vietnamesiske byen Lao Cai.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]