Røntgenastronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Røntgenstråler startar ved ~0.008 nm og strekkjer seg over det elektromagnetiske spektrumet til ~8 nm, som jordatmosfæren er ugjennomtrengeleg for.

Røntgenastronomi er ei grein av astronomien som omfattar studiet av røntgenstråling frå verdsrommet. Sidan røntgenstråler ikkje trenger igjennom jordatmosfæren, må ein registrere den kosmiske røntgenstrålinga med detektorar i satellittar og romfartøy.

Røntgenstrålinga kjem frå små, isolerte område, som vert kalla røngtenkjelder, om ein ser bort frå ei svak bakgrunnsstråling frå heile himmelen, som truleg har ekstragalaktisk opphav. Ein kjenner til fleire tusen slike kjelder, og dei fleste ligg i eller i nærleiken av Mjølkevegen. Kjeldene som ligg på høge galaktiske breidder høyrer stort sett til fjerne stjernesystem.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ein har tre hovudgrupper av røntgenkjelder:

  1. Restar etter supernovaer, som Tauri X-1 eller Krabbetåka. Namnet viser at han er den første røntgenkjelda som vart oppdaga i stjernebilete Tyren.
  2. Den lyssvakaste komponenten av spesielle dobbeltstjernesystem, som Herculis X-1, eller den formørkingsvariable stjerna HZ Herculis). Dette er den vanlegaste typen av sterke kosmiske røntgenkjelder.
  3. Normale stjerner. Einsteinobservatoriet (1978–1981) og andre røntgensatellittar, som er utstyrt med særs følsomme instrument, har påvist svak røntgenstråling frå fleire tusen normale stjerner. Dei fleste identifiserte ekstragalaktiske kjeldene er radiogalaksar, kvasarar og galaksehopar. Frå galaksehopane kjem røntgenstrålinga frå særs varm gass som ligg mellom galaksane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den kosmiske røntgenkjelda Scorpius X-1 vart oppdaga i 1962, og dette var den første påvisinga av ei slik kjelde. Han er den sterkaste av dei rolege, stabile kjeldene. Riccardo Giacconi fekk Nobelprisen i fysikk for denne oppdaginga. Røntgenstrålinga frå Scorpius X-1 er 10 000 gonger sterkare enn strålinga i det optiske og 100 000 gonger sterkare enn den totale utstrålinga på alle bølgjelengder frå Sola. Kjelda til røntgenstrålinga er gass som vert varma opp til fleire millionar grader når han fell inn mot ein kompakt lekam, som ei nøytronstjerne eller eit svart hol.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«røntgenastronomi» av Truls Ringnes i Store norske leksikon, snl.no.