Raudkløver

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudkløver


Status i Noreg: LC Livskraftig

Cleaned-Illustration Trifolium pratense.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Fabales
Familie: Fabaceae
Slekt: Trifolium
Art: T. pratense
Vitskapleg namn
Trifolium pratense

Raudkløver er ei fleirårig urt i ertefamilien. Han er utbreidd over alle kontinent med temperert eller varmt klima.

Planta vert 20-30 cm høg og har eggforma eller avlange småblad, om lag utagga og med lange mjuke hår. Dei øvre øyreblada er eggforma med kort spiss. Raudkløber har stort rundt blomsterhouvud som oftast er uskafta. Han blømer kring juni i eng og bakkar.

Raudkløver er vanleg over det meste av Noreg, sjeldan lengst nord. Han går opp på setrane, og er funnen opp til 1230 m på Hardangervidda. Han er vanleg dyrka i eng. Arten er rekna som innført i Noreg, med innføring ein gong før 1800.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsdatabanken.no

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.