Red Steel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Red Steel
Utviklar(ar) Ubisoft Paris
Utgjevar(ar) Ubisoft
Sjanger FPS
Spelmodus Einspelar, fleirspelar (2-4)
Utgjeving NA 19. november 2006
JP 2. desember 2006
AUS 7. desember 2006
EU 8. desember 2006
Medium 1 Optisk Wii-plate
Stødde einingar Wii-fjernkontroll, nunchuk
Aldersgrense PEGI: 16+
CERO: C
ESRB: T
OFLC: M

Red Steel er eit førstepersons skytespel for Wii, utvikla og produsert av Ubisoft. Det vart gjeve ut på same tid som då Wii-konsollen vart lansert i alle territoria; november 2006 i Nord-Amerika og desember 2006 i Japan, Australia og Europa.

Ein oppfølgjar til spelet, Red Steel 2, er annonsert i 2010. [1]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonen i spelet er Scott Monroe, og han er trulova med Miyu Sato. På eit amerikansk hotell skal han få møta Isao Sato, faren til kjærasten Miyu, for første gong. Etter kvart kjem ein bande som har kledd seg ut som tilsette på hotellet, og dei byrjar å skyta i rommet til Isao. Scott prøver å hjelpa til, men blir slått i svime. Han vaknar etterpå, tek ein pistol frå ein daud livvakt og finn Sato skada oppe på taket.

Scott får lært seg å bruka katana av Sato etter å ha blitt åteke av ein servitør med eit sverd. Sato og Scott trekkjer seg så tilbake til hotellrommet til Sato, der Scott må dekkje Miyu, Sato og Ryuichi, ein av vaktane til Sato, mens dei kjem seg til bilen deira på parkeringsplassen. Når Scott når dei tre viser det seg at Ryuichi er ein svikar, og han bortfører både Sato og Miyu. Scott jagar etter bilen og reddar Sato etter å ha skote bilen og nedkjempa føraren i sverdkamp. Ryuichi klarer å rømma med Miyu, og Scott må fara til Tokyo for å redda ho.

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

Spelet nyttar Wii-fjernkontrollen og nunchuk-utvidinga for at ein kan styra ein katana og fleire skytevåpen. Om ein vrir kontrollen til sides mens ein held pistolen vil det same skje på skjermen. Spelaren kan dytta objekt ved å røra kontrollen for å kunne bruka dei som dekke. Ein ladar skytaren sin ved å skaka på nunchuk eller trykka høgre på styrekrossen, og granatar blir kasta ved å gjera kaste-rørsler med kontrollen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ubisoft Confirms Red Steel 2. Vitja 20. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]