Redd Barna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Redd Barna er ein organisasjon som arbeider for å hjelpa barn.

Organisasjonen vart starta opp i Storbritannia i 1919 under namnet The Save the Children Fund. Grunnleggjarane var systrene Dorothy Buxton og Eglantyne Jebb, som ville hjelpa sveltande born i Tyskland og Austerrike-Ungarn under fyrste verdskrigen.

Den norske greina av organisasjonen vart starta opp i 1946 av Norges Barnevernsråd med Signe Helliesen Lund som formann. Redd Barna Norge og vart ein sjølvstendig organisasjon i 1948. Det norske hovudkontoret ligg i Oslo, og det finst regionskontor i Bergen, Kristiansand, Trondheim og Tromsø. Organisasjonen byggjer i dag på SN sin konvensjon om barnerettar. Ungdomsorganisasjonen til Redd Barna i Noreg heiter PRESS og vart starta opp i 1995. [1]

I dag er Tove Romsaas Wang generalsekretær i Redd Barna i Noreg. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.