Reggae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bob Marley er ein vidkjend reggaeutøvar.

Reggae er ein musikksjanger som oppstod på Jamaica seint på 1960-talet og sidan har spreidd seg til heile verda. Musikkstilen er prega av ein gjentakande, slepande rytme og framståande bassinstrument. Han utvikla seg frå den raskare skastilen, som ei endå langsamare form av rocksteady. På 1970-talet var reggae blitt populær i fleire afrikanske land, Storbritannia og USA.

Som føregjengarane var reggae knytt til svart gettokultur og utviklinga av det gangsteraktige «rude boy»-bildet. Mange av tekstane fekk etterkvart eit meir politisk preg, dei tok opp sosial og økonomisk ulikskap, politiske hendingar og kolonialisme. På 1970-talet blei musikken også knytt til rastafarianismen, særleg gjennom den legendariske artisten Bob Marley og gruppa hans The Wailers, som også bidrog mykje til at reggae blei verdskjend.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Reggae blir som regel spelt i 4/4 takt eller med swingrytme, der nokre noter blir spelt noko lenger enn andre. Rytmen aksentuerer som regel andre og fjerde taktslaget, medan rytmegitaren også anten speler det tredje eller held akkorden frå det andre fram til ein speler fjerde taktslaget. Ein bruker enkle harmoniar, ofte berre ein eller to akkordar i ein song, noko som gjev musikken litt hypnotiserande eigenskapar. Bassdelen er derimot meir innvikla enn til dømes i eldre rocksteady.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Reggae- og jazzkonsert i Spanish Town på Jamaica i 1979.
Jah Roots, ei reggaegruppe frå Missouri i 2000-åra.

Jamaikansk musikk har innslag frå afrikansk religiøs musikk og rytmar, kristne vekkingssongar og rastafariansk liturgi. Den livlege, synkoperte musikken som utvikla seg på andre halvdel av 1900-talet blei først kjend som «rudie blues», så ska, så «blue beat» og «rock steady», før ein fekk reggae.

Reggaestilen og namnet kom til rundt 1968, då Toots and the Maytals fekk slagerar med «54-46 (That's My Number» og «Do the Reggay». Ifølge bandleiaren Frederick «Toots» Hibbert var «reggay» eit ord «som berre kom ut av munnen». Han har knytt det til det jamaikanske ordet «streggae», om nokon som er dårleg eller fillete kledd. Ordet blir også ofte sett i samanheng med rege-rege, som også tyder 'filler' eller 'fillete klede'. Ei anna mogleg avleiing er frå «regular», 'regelmessig', som liknar namnet til rocksteady. Reggaen blei også utvikla ved ulike innspelingsstudio i den jamaicanske hovudstaden Kingston, der produsentar som Lee Perry og King Tubby var blant dei viktigaste.

Artistar som Desmond Dekker, The Upsetters, Max Romeo, Toots and the Maytals og andre bidrog til å spreia stilen frå Jamaica i reggaens barndom, 1968-1970, gjennom turnear i Storbritannia der ei aukande gruppe britar kalla musikkstilen Skinhead reggae. Reggae blei mykje spelt i Storbritannia, både av det jamaikanske miljøet der og av innfødde britar. Det dukka opp britiske artistar som Aswad, Steel Pulse, UB40 og diktar-artisten Linton Kwesi Johnson. Filmen The Harder They Come frå 1972, der reggaestjerna Jimmy Cliff spelte hovudrolla, skildra korleis reggae kunne gje røyst til fattige og makteslause. Filmmusikken gjorde reggae kjend for eit internasjonalt publikum.

Bob Marley & The Wailers gav ut verdsslagerar som «Get Up, Stand Up» i 1973 og «No Woman No Cry» i 1974. Musikken blei teken opp av andre musikarar og blanda med andre stilar. Til dømes spelte Eric Clapton inn ein populær versjon av Marley sin «I Shot the Sheriff» i 1974. Det var særleg Marley, direkte og indirekte, som gjorde reggae kjend i USA. Marley og artistar som Big Youth, Black Uhuru, Burning Spear og Culture framheva koplinga mellom reggae og rastafarirørsla. Musikken framheva symbol som rastafletter, marijuana, den kvite kapitalismen som «Babylon» og ønsket om frigjering («emancipation»).

Ulike stilar blei utvikla frå reggae, som «lover's rock», ein type songar som tek for seg erotisk kjærleik og er blitt framført av artistar som Dennis Brown, Gregory Issacs og Maxi Priest. For å skilja den opphavlege stilen frå nyare former blir han tidvis omtala som «roots reggae».

På 1980- og 1990-talet byrja dancehall-deejayar å rappa, såkalla «toasting», over instrumentalreggae. Denne stilen blei kjend som dub eller ragga, og fekk innverknad på utviklinga av hip-hop i USA. Reggaeton er ein nyare latinamerikansk musikkstil inspirert av reggae.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Cooper, Carolyn J. (2010), «reggae», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online 
  • Kennedy, Michael; Kennedy, Joyce (2007), «reggae», The Concise Oxford Dictionary of Music, Oxford University Press 
  • «Marley, Bob», Philip's World Encyclopedia, Oxford University Press, 2008 
  • «reggae» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Reggae