Regionar i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Regionane i England
EnglandRegions.png
  1. Stor-London
  2. Søraust-England
  3. Sørvest-England
  4. Vest-Midlands
  5. Nordvest-England
  6. Nordaust-England
  7. Yorkshire og Humber
  8. Aust-Midlands
  9. Aust-England

Ein region i England er det høgaste nivået for dei lokale styresmaktene. Landet er delt inn i ni regionar, kvar med eit regjeringskontor og nokre fastsette institusjonar. Stor-London er eit særtilfelle, då byen har ein borgarmeister og vert styrt av ei folkevald forsamling, men likevel reknast som eigen region. Regionane fungerer som valkretsar for val til Europaparlamentet.

Folkevalte regionsforsamlingar[endre | endre wikiteksten]

Som ein del av den same prosessen som førte til opprettinga av eigne nasjonalforsamlingar i Skottland, Wales og Nord-Irland vart det bestemt at det skulle haldast folkeavstemmingar i regionane om dei ønskte å opprette folkevalte regionsforsamlingar. Slik avstemming vart halde i Nordaust-England 4. november 2004, med ein klar majoritet mot opprettinga av eit slikt organ. Andre avstemmingar vart utsett for å vurdere høvet for å ta imot alle stemmer via post.

Motstanden mot slike forsamlingar har først og fremst kome frå Det konservative partiet, men òg mange i Arbeiderpartiet har vore særs skeptiske. Hovudargumentet mot ordninga er at i staden for å flytte makt frå sentralregjering nedover vil ein heller flytte makt oppover frå organa i grevskapa.

Kritikk mot inndelinga[endre | endre wikiteksten]

Det er retta kritikk frå mange hald mot inndelinga, som i stor grad er basert på ei inndeling som vart gjort under den andre verdskrigen i samband med organisering av sivilforsvaret. Nokre konkrete ankepunkt er:

  • Nordvest-England er strekt for langt; Cumbria høyrer meir naturleg heime i Nordaust-England,
  • Aust-England er for lite homogen i forhold til geografi, frå myrlandskapa i East Anglia til Londonforstadane i Hertfordshire,
  • Søraust-England er for stor, både i areal og folketal,
  • Sørvest-England burde ikkje omfatte Gloucestershire, men burde omfatte Hampshire og Berkshire.

Dei nordlege grensene ser ut til å vere fastlåst, men det er mogeleg at grensene til dei sørlege regionane vil verte revurdert.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]