Remipedia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Remipedia


Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Crustacea
Klasse: Remipedia
Vitskapleg namn
Remipedia
Yager, 1979

Remipedia (etter latin Remipedes, «åre-føter») er ei klasse blinde krepsdyr som lever i australske og karibiske grottesystem med tilknytnad til havet. Vitskapen kjenner til 12 nolevande artar, i tillegg til ein fossil.

Dyra i denne gruppa har todelte kroppar som består av eit hovud og ein lang og einsarta segmentert bakkropp på opp til 32 segment. Kvart segment har eit par todelte bein med store, åreliknande utvekstar. Beina står ut til sidene, eit trekk som gjer at dei tilsynelatande liknar meir på børstemark enn på krepsdyr. Remipedia-kreps sym på ryggen med dei åre-liknande føtene sine, som òg har gjeve gruppa namn.

Gruppa er framleis dårleg kjend.

[endre] Kjelder

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk