Rhyacium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Rhyacium (gresk Ρυαξ (rhyax), tyder «lavastraum») er den andre geologiske perioden i paleoproterozoikum. Han varte i perioden som byrja for 2300 millionar år sidan og enda for 2050 millionar år sidan. Perioden er ikkje basert på stratigrafi, men definert kronometrisk.

Bushveldkomplekset og andre liknande intrusjonar oppstod i denne perioden.

Huron-istida enda seint i rhyacium for 2100 millionar år sidan.

Dei første kjende eukariotane oppstod i rhyacium.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara