Neoproterozoikum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Neoproterozoikum
1000 - 542 millionar år sidan
Viktigaste hendingar i
neoproterozoikum
sjå • diskuter • endre
-1000 —
-950 —
-900 —
-850 —
-800 —
-750 —
-700 —
-650 —
-600 —
-550 —
N
e
o
p
r
o
t
e
r
o
z
o
i
k
u
m
Ein omtrentleg tidsskala for hendingar i neoproterozoikum. Skalaen er «millionar år sidan».

Neoproterozoikum er ein geologisk æra i eonet proterozoikum i prekambrium og varte i tidsperioden som startar for 1000 millionar år sidan og enda for 542 +/- 0,3 millionar år sidan.[1]. Vidare er neoproterozoikum delt inn i periodane tonium, kryogenium og ediacara. Den strengaste istida ein kjenner til i historia skjedde i kryogenium då isbreane kan ha nådd ekvator og kanskje dekte heile jorda i det som er vorte kalla snøballjorda. Dei tidlegaste fossila av fleircella liv er funne i edicara, inkludert dei første dyra.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Då neoproterozoium starta låg superkontinentet Rodinia, som hadde oppstått seint i mesoproterozoikum, på begge sider av ekvator. Under tonium starta forkastingar å bryte Rodinia inni i fleire individuelle landmassar. Kanskje var det at dei fleste kontinenta låg på låge breidder som var medverkande til at dei største istidene ein kjenner til oppstod i denne æraen, inkludert Sturti- og Marino-istida. Ein meiner at desse istidene kan ha vore så omfattande at dei strekte seg til ekvator - ein tilstand kalla snøballjord.

Paleobiologi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Ediacarisk biota.

På 1800-talet sette paleontologar startar for fleircella liv til då dei første dyra med hardt ytre, trilobittar og archaeocyathar, først dukka opp ved byrjinga av kambrium. Tidleg på 1900-talet fann paleontologar fossil av fleircella dyr som var eldre enn kambrium. Ein kompleks fauna vart funne sørvest i Afrika i 1920-åra, men vart feildatert. Andre mogelege tidlege fossil vart funne i Russland, England, Canada og andre stader (sjå edicarisk biota). Enkelte vart fastsette til å vere pseudofossil, medan andre viste seg å vere ein del av heller komplekse biota som ein framleis ikkje heilt forstår fullt ut. Minst 25 regionar rund om i verda inneheld fossil av fleircella dyr funne før kambrium.[2]

Eit par av dei tidlege dyra ser ut til å kunne vere forgjengarar for moderne dyr. Dei fleste fell innanfor grupper av bregneblad-liknande dyr, skiveforma dyr, madrass-liknande dyr, små kalkhaldige røyr og pansra dyr med ukjend opphav. Desse vart tidlegare kjend som ein del av «den vendiske biotaen» før perioden vart namngjeve, og vert i dag kalla den edicariske biotaen. Dei flest hadde blaut kropp. Forholdet mellom desse og moderne dyr er lite kjend. Enkelte paleonotologar knyt mange av desse formene til moderne dyr. Andre ser at det kan vere eit forhold mellom dei, men meiner at dei fleste edicariske dyra er ukjende dyreartar.

I tillegg til den edicariske biotaen er det seinare funne to andre typar biota i Kina (den såkalla Doushantuo-formasjonen og Hainan-formasjonen).

Den siste perioden[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Ediacara.

Namnet på den siste perioden i neoproterozoikum har endra seg opp gjennom åra. Russiske geologar kalla den siste perioden venedium, kinesarane kalla han sinium og australiarar og nordamerikanarar kalla han edicara. I 2004 fastsette International Union of Geological Sciences namnet til edicara.[1] Grensene for edicara er dei einaste i heile prekambrium som er definert biologisk og ikkje ved hjelp av stratigrafi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Neoproterozoikum

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Gradstein 2005.
  2. Knoll 2006.
Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara