Orosirium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orosirium (gresk ὀροσειρά (oroseira), tyder «fjellkjede») er den tredje geologiske perioden i paleoproterozoikum. Han varte i perioden som byrja for 2050 millionar år sidan og enda for 1800 millionar år sidan. Perioden er ikkje basert på stratigrafi, men definert kronometrisk.

Siste halvdel av perioden var ein periode med omfattande orogense (fjelldanning) på nesten alle kontinent.

Jordatmosfæren utvikla seg truleg til ein oksygenrik atmosfære i denne perioden på grunn av fotosyntesen til cyanobakteriar.

To av dei største kjende nedslagshendingane på jorda skjedde under orosirium. Heilt i byrjinga av perioden, for 2023 millionar år sidan, kolliderte ein stor asteroide og danna Vredefortkrateret. Hendinga som danna Sudburybekkenet skjedde mot slutten av perioden, for 1850 år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara