Richard von Mises

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Richard von Mises.jpeg

Richard von Mises (19. april 188314. juli 1953) var ein austerriksk-amerikansk matematikar og bror av Ludwig von Mises.

Han var professor ved universiteta i Strasbourg og Dresden og direktør for instituttet for bruksmatematikk i Berlin frå 1920 til 1933. Han vart så professor i matematikk i Istanbul frå 1933 til 1939 og seinare professor i aerodynamikk og bruksmatematikk ved Harvard i USA. Han arbeidde mykje med hydrodynamikk, statistikk og sannsynsrekning. I bøkene sine Wahrscheinlichkeit, Statistik und Wahrheit (1923) og Wahrscheinlichkeitsrechnung (1931) sette han fram ein frekvensteori for sannsynsomgrepet som har vore særs omstridd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]