Rikard Berge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rikard Berge

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. november 1881
Rauland kommune
Død

26. september 1969 (87 år)
Skien kommune

Yrke skribent, biograf
Språk norsk
Ektefelle Johann Bugge Berger

Rikard Berge (7. november 188126. september 1969) var ein norsk kulturhistorikar, folkekulturgranskar, folkeminnesamlar og konservator frå Telemark.

Han vart fødd på garden Berge på Rauland i 1881. Mor hans, Sigrid, var syster av Aslaug Rikardsdotter Groven, mor til komponisten Eivind Groven.

Rikard Berge voks opp på Berge hjå morfaren Rikard Aslaksson Berge. Denne sat inne med ei mengd forteljingar, viser og stubbar, folketonar og slåttar (som han tralla). Rikard var ikkje gamle karen før han tok til å skrive ned forteljingar etter morfaren og andre skyldfolk, og etter folk som kom på vitjing. Mora kunne også mykje, og ho song godt.

I vaksen alder for han i heile Telemark og andre stader på jakt etter stoff. Med tida fekk han truleg samla meir norsk folkeminnestoff enn nokon annan før eller etter han.

Rikard Berge var noggrann med å oppgje kjelder og å gje dei att mest mogeleg rett. Han hadde alltid med gode merknader som kunne vera stutte avhandlingar. Han sette ein vitskapleg standard for norsk folkeminnegransking.

Han var truleg den fyrste her i landet som og lydfeste folkemusikk, dvs. song og slåttespel, på fonograf.

Rikard Berge var oppteken av tradisjonsmiljøet, og la vekt på dette når han var på tradisjonssanking. Han kom ikkje som mange andre, «utanfrå» til kjeldene, og hadde difor lett for å koma i dialog med dei.

Berge var god skribent. Han skreiv biografiane til spelemennene Myllarguten og Håvard Gibøen. Bygdebøkene hans frå Vinje og Rauland er framifrå i sin sjanger. Arbeidet om «Norsk bondesylv» er høgt verdsett. Han skreiv og nyskapande om norsk eventyrstil, og boka Norsk sogukunst, som inneheld eventyr, gjev og levande portrett av tradisjonsberarar som Olav Tjønnstaul (far av spelemannen Jørgen Tjønnstaul), Anne Godlid, Anne Sundbøhaugen og Nils Løingslåtta.

Berge gifte seg med Johanna Bugge, dotter av språkmannen og forskaren Sophus Bugge. Ho var kunstmålar, mellom anna kjend for eit målarstykke av Kivlemøyane. Dei fekk døtrene Gyri og Tone.

Gjennom ekteskapet fekk han hand om Bugges nedskrifter av folkeminne frå Telemark, mellom dei mange folkeviseballadar. Berge gjorde krav på samlinga etter svigerfaren på vegner av Telemark og Fylkesmuseet i Skien. Dette meinte Universitetet i Oslo ikkje var rett. Berge var imot å samle alt materiale på ein stad, og gjekk inn for fylkes- og bygdesamlinger.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Visefugg, 1904
  • Storegut. Ættesogo og diktverke. 1906
  • Myllarguten, 1908
  • Norsk bondeliv i segn og sogu, 1910
  • Eventyr og segnir, 1910
  • Norske folkevisur, 1911
  • Norske eventyr og sagn, 1911-1913
  • Norske folkeeventyr, 1914.
  • Norsk sogukunst, 1924
  • Norsk bondesylv, 1925
  • Haavard Gibøen, 1932
  • Vinje og Rauland, bygdesoge i fire band, 1939, 1944 og 1973

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]