Håvard Gibøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håvard Gibøen (2. mars 180927. juli 1873) var ein kjend spelemann frå Telemark. Han jamnast oftast med Myllarguten.

Håvard var fødd på Møsstrond som son av Knut Gibøen og Åsne Gjuvland frå Rauland. Ho var systerdotter av Ånund Berge, bestefar til Rikard Aslaksson Berge. Håvard vart fødd i dei verste naudsåra, men folket på Møsstrond merka lite til dette, av di dei levde tett på Hardangervidda.

Far av Håvard var ein brukande spelemann, og bestefaren Håvard attåt. Håvard sjølv ville tidleg bortpå fela.

«Ein dag - han gjekk i kjolen endaa - kom han til aa klive uppaa himlingi. Der stod feleskrine etter godfar hans, og han fumla og plundra so lenge til han fekk det upp og fekk fingrar i den gamle fela. Guten rørde ved strengine so det song so underleg, og daa vart det liv i karen kann det hende. Han truga etter fela jamt og samt.» (Rikard Berge)

Første læremeisteren til Håvard var spelemannen Knut Lurås frå Tinn. Luråsen var mykje innom Gibøen på veg over fjellet til Rauland, og Håvard lærde mykje av han. Håvard fekk og ei høvande barnefele av Knut, fortel Rikard Berge.

Håvard møtte Myllarguten ein sommar han var ute og gjette. Myllaren var åtte år eldre enn Håvard, men dei spela i lag, og Håvard lærte mykje av myllaren.

Håvard spela i bryllaup frå han var ti år. «Daa var han so liten at han rokk ikkje nedpaa med føtane um han sat paa krakken. So laut han sitja paa borde og trampe paa krakken.» (Rikard Berge). Av andre spelemenn han møtte i desse åra var Jon Kjos den fremste. Men han heldt støtt mest av Myllaren og Luråsen. Myllaren meinte på si side at Håvard var den beste: «Når Håvar tek ti spela, so græt eg,¢ sa Myllaren. «Ja, Håvar er nok meister åt konn alle.»

Håvard Gibøen hadde ein annan stil enn Myllarguten. Myllaren kunne bygge ut og brigde på slåttane, og spela seg opp i ekstase til sola rann. Gibøen trøytna snøggare, og heldt seg gjerne med spel i stuttare økter. Attåt heldt Gibøen seg til eldre slåtteformer, og kunne refse Myllaren når denne gjekk for langt i nyskaping. Slik er slåttane etter Håvard særmerkte for ein meir alderdomeleg dåm.

«Myllaren trampa so udømeleg, han, men Haavard sat logn og tródde so lint, det var sovidt du saag den eine hælen og den eine taai uppifraa.»

Håvard vart gift med Mari Kjetilsdotter Eikja frå , og dei fekk fleire born saman. Etterslekta lever på Møsstrond den dag i dag.

Den mest kjende eleven av Håvard Gibøen er nok Knut Dale frå Tinn. Etter han vart nokre av slåttane skrive ned at Johan Halvorsen til bruk for Edvard Grieg i hans Opus 72. Sonen Kjetil Håvardsson vart óg ein dugande spelemann.

Håvard døydde i 1873, og vart gravlagt på Møsstrond. Seinare vart det reist eit minnesmerke over han der.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Berge, Rikard, 1972: Myllarguten : Haavard Gibøen med etterord av Eivind Groven: "Myllar-spel og Håvard-spel" s. 233-38 og Magne Myhren, "Rikard Berge og livesverket hans" s. 239-52, Noregs boklag