Femkrone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Femkroning)
Denne artikkelen handlar om femkronemynten. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå femkronesetel.
Framsida til ei femkrone.
Baksida

Femkrone eller femkroning er ein mynt som har vorte utmynta i Noreg som skiljemynt i koparnikkel sidan 1963.

Mynten hadde fram til 1994 på adversen eit portrett av den regjerande monarken. Frå 1998 har adversen hatt bilete av storkrosskjedet til St. Olavs orden med ordensteikn, med omskrifta «KONGERIKET NOREG».

reversen hadde mynten fram til 1994 det norske riksvåpenet og valøren. Sidan 1998 har reversen hatt akantusornamentikk, inspirert av treskjeraren Ole Moene. Denne siste utgåva er prega med sentralt hol.

Minnemynt[endre | endre wikiteksten]

Einskilde mynter har hatt eit minnemotiv på reversen. Denne mynten har sirkulert som ordinær skiljemynt. Adversen kan ha vore som på dei ordinære myntane, med ein variant av riksvåpenet eller med motiv knytt til jubileet mynten markerer.

År Tal prega Tekst (jubileum)
1975 1 191 813 Kronemynt 100 år
1975 1 222 827 Veien mot vest 1825-1875
1978 2 989 768 Hæren 1686-1986
1986 2 345 500 Kongsberg 1686-1986 (Den kongelige mynt 300 år)
1991 532 008 Sølvskatten grunnlaget for Norges Bank 1816
1995 500 000 Norsk mynt 1000 år (med bilete av penning)
1995 500 000 Nasjoner i forening for fred 1945-1995 Trygve Lie
1996 1 381 909 «Fram» over Polhavet 1893-1896
1997 1 742 073 Posten skal fram 1647-1997

Myntane[endre | endre wikiteksten]

Norsk femkronemynt
Myntherre Metall Vekt Sølvvekt Utmynta år Kunstnar
Olav V koparnikkel 11,50 g 1963-1973 Øivind Hansen
Olav V koparnikkel 11,50 g 1974-1991 Øivind Hansen
Harald V koparnikkel 11,50 g 1992-1994 Ingrid Austlid Rise
Harald V koparnikkel 7,85 g 1997- Ingrid Austlid Rise

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]