Madrugada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Madrugada
Madrugada.jpg
Sivert Høyem og Madrugada opptrer i mai 2008.
Sjanger Rock
Aktive år ca. 1992 - 2008
Plateselskap EMI
Nettstad www.emi.no/madrugada
Medlemmer
Sivert Høyem (vokal)
Frode Jacobsen (bass)
Robert Burås (gitar)
Tidlegare medlemmer
Jon Lauvland Pettersen (trommer)
Simen Vangen (trommer)
Marius Almås Johansen (trommer)
Erland Dahlen (trommer)
Alex Kloster-Jensen (gitar)
Cato Thomassen (gitar)
Gudmund Østgård (gitar)


Madrugada (spansk for 'morgongry, timen før soloppgang') var ei norsk rockegruppe som vart skipa i byrjinga av 90-åra og vart oppløyst i 2008. Bandet vart starta på Stokmarknes under ulike namn. Etter ein del utskiftingar, både av bandnamn og medlemer, vart gruppa heitande Madrugada rundt 1997-1998. Kjernen i bandet var Sivert Høyem, Frode Jacobsen og Robert Burås fram til Burås døydde den 12. juli 2007.

Bandet har vunne fem Spellemann- og to Alarmprisar og vart kåra til Årets Spellemann under Spellemannprisen 2005.

ØX og Abbey's Adoption[endre | endre wikiteksten]

Bandet starta opp som ØX med Frode Jacobsen (bass), Marius Almås Johansen (gitar), Sivert Høyem (vokal) og Jon Lauvland Pettersen (trommer) på byrjinga av 90-talet. Den fyrste plateutgjevinga dei deltok på, var samleplata Wrought utgjeven av rockemiljøet på Stokmarknes og Sortland.

I 1995 flytte bandet til Oslo og året etter tok Robert Burås over som gitarist etter Johansen. I 1997 deltok bandet, under namnet Abbey's Adoption, med to songar på ei samleplate utgjeven av Det Norske Studentersamfund. Bandet endra deretter namn to gonger til før dei enda opp med Madrugada etter forslag frå Øystein W. Wolf.

Madrugada[endre | endre wikiteksten]

I 1998 kom den fyrste EP-en deira, Madrugada EP. Då oppfylgjaren New Depression EP kom i 1999, fekk dei Nordland fylkes kulturpris same året. Fyrste album, Industrial Silence, kom ut i august 1999 og vart ein stor suksess. Madrugada vann Spellemannprisen 1999 i klassen rock for dette.

I mars 2001 kom album nummer to, The Nightly Disease. Trommeslagar Jon Lauvland Pettersen forlét bandet i januar 2002 og vart erstatta av Simen Vangen. 21. oktober same året kom albumet Grit. Songen «Majesty» var med på dette albumet, og vart utgjeven som singel. Albumet selde også bra og gjorde bandet forrtent til Spellemannprisen 2002 i klassa rock.

I 2005 gav bandet ut to album. Fyrst kom studioalbumet The Deep End i februar, og i desember kom live-albumet Live at Tralfamadore der songen «Lift Me» med Ane Brun er med som bonusspor. Under Spellemannprisen 2005 vart Madrugada dei store vinnarane då dei vart kåra til Årets spellemann, vann klassen rock for The Deep End og i tillegg vann årets låt for «Lift me» saman med Ane Brun. Same året vann dei to prisar under Alarmprisen 2006, i klassen rock for The Deep End og beste låt for «The Kids Are On High Street». Dessutan vann dei GramArt-prisen Gullmikrofonen for 2005. I løpet av innspelinga av The Deep End forlét også trommeslagar Simen Vangen bandet. Madrugada henta ikkje inn nokon ny trommeslagar, men leigde inn Erland Dahlen som mellombels trommeslagar og heldt fram som ein trio. Både Vangen og Dahlen medverka på begge 2005-albuma.

Dødsfallet[endre | endre wikiteksten]

Hovudinnspelingene til Madrugada sitt femte studioalbum vart gjort på førsommaren 2007 i New York. Dei fleste opptaka vart gjort live med i studio. I juli 2007 vart Robert Burås funnen død i bustaden sin. Høyem og Jacobsen bestemte seg likevel for å fullføra og gje ut albumet. I desember 2007 gav dei ut singelen «Look Away Lucifer», medan sjølve albumet, som fekk namnet Madrugada, vart utgjeve 21. januar 2008. Allereie før utgjevinga hadde albumet seld i over 30 000 eksemplar.

Etter utgjevinga annonserte bandet at dei skulle leggja opp. Seinare vart det annonsert at Madrugada skulle avslutta karrieren med ein turné hausten 2008. Forsterka med gitaristane Alex Kloster-Jensen og Cato Thomassen samt trommeslagar Erland Dahlen spelte bandet i dei største norske byane og avslutta i Oslo Spektrum 15. november.

I november 2010 gav dei ut samleplata The Best of Madrugada.

Andre prosjekt[endre | endre wikiteksten]

Sivert Høyem har i åra etterpå hatt suksess med ein solokarriere, så langt med tre album (i 2004, 2006 og 2009). Frode Jacobsen har jobba som produsent for andre artistar (mellom anna Savoy og Ingrid Olava) og Robert Burås starta gruppa My Midnight Creeps som rakk å gje ut to plater før han døydde.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Plater[endre | endre wikiteksten]

  • Industrial Silence, (30. august 1999)
  • The Nightly Disease, (1. mars 2001)
  • Grit, (20. oktober 2002)
  • The Deep End, (28. februar 2005)
  • Live at Tralfamadore, (14. desember 2005)
  • Madrugada, (21. januar 2008)
  • The Best of Madrugada, (29. november 2010)

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • Madrugada EP, (1998)
  • New Depression EP, (1999)
  • Higher EP, (2000)
  • The Nightly Disease Vol. II , (19. februar 2001)
  • A Deadend Mind EP , (2001)

DVD[endre | endre wikiteksten]

  • Madrugada - Live at Oslo Spektrum 2.12.2005, (2006)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Artikkelen er omsett frå Bokmålswikipedia om Madrugada, henta inn 9. februar 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]