Robert Koch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robert Koch

Robert Koch (11. desember 184327. mai 1910) var ein tysk lege. Han var den første til klart å demonstrera ein samanheng mellom bakterieinfeksjonar og sjukdom, og vert saman med Louis Pasteur rekna som grunnleggjar av mikrobiologien som vitskap. Han var den første til å isolera og dyrka Bacillus anthracis (miltbrann, 1877), Mycobacterium tubercolosis (tuberkolose,1882) og Vibro cholerae (kolera, 1883) i kultur, i tillegg til å formulera Koch-postulata som framleis er i bruk.

I 1905 fekk Koch Nobelprisen i fysiologi og medisin for å ha isolert tuberkolosebakterien.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Heinrich Hermann Robert Koch vart fødd i Clausthal, Tyskland som son av ein kontorist. Han studerte medisin under Friedrich Gustav Jakob Henle ved universitetet i Göttingen til avgongsåret i 1866. Vidare tente han i den fransk-prøyssiske krigen og vart seinare medisinsk offiser i Wollstein. Det var her han tok til med det viktige arbeidet sitt innanfor bakteriologien.

Etter at Casimir Davaine viste den direkte overføringa av anthraxbakterien mellom kyr, studerte Koch anthrax nærare. Han fann opp metodar å isolera bakterien frå blodprøver og dyrka han i reinkultur. På denne måten oppdaga han at sjølv om ikkje anthrax kunne overleva utanfor vertsorganismen over lengre tid, produserte bakterien endosporar som kunne klara seg over lang tid.

Det var desse sporane, gøymd i jord, som var årsak til dei uforklarte, «spontane» miltbrann-utbrota. Koch publiserte resultata sine i 1876, og vart løna med ei stilling ved det keisarlege helsekontoret i Berlin i 1880. I 1881 innførte han her varmesterilisering av kirurgiske instrument.

Det var i Berlin Koch forbetra metodane han brukte frå Wollstein, mellom anna ulike fargings- og reindyrkingsteknikkar. Han arbeidde saman med folk som Fannie Eilshemius Hesse og Julius Richard Petri, og var med på å utvikla ei rekkje fundamentale mikrobiologiske arbeidsmetodar og utstyr, mellom anna agarplatar og petriskåler. Det var med dette utstyret han oppdaga bakterien som stod bak tuberkolose, som på den tida stod for eitt av sju dødsfall i Europa.

I 1883 studerte Koch kolera i lag med ei fransk forskingsgruppe i Alexandria, Egypt. Koch identifiserte Vibrio-bakterien som forårsaka sjukdomen, men klarte ikkje å bevisa det gjennom eksperiment. Den italienske anatomen Filippo Pacini hadde alt isolert bakterien i 1854, men resultata hans var lite kjende sidan ein ikkje trudde bakteriar og sjukdom hadde noko særleg med kvarandre å gjera på den tida. Koch kjende ikkje til arbeidet til Pacini og gjorde oppdaginga på eiga hand, og sidan han hadde eit større namn vart oppdaginga spreidd vidt og brukt i sjukdomsbekjemping. I 1965 fekk bakterien likevel attende namnet Pacini gav han, Vibrio cholerae.

I 1885 blei Koch professor i hygiene ved universitetet i Berlin, seinare i 1891 vart han òg direktør for instituttet for infeksjonssjukdommar. Denne stillinga sa han opp i 1904 for å reisa rundt i verda og studera ymse sjukdommar i Sør-Afrika, India og Java.

Koch døydde 27. mai 1910 av eit hjarteattakk i Baden-Baden.

Koch-postulata[endre | endre wikiteksten]

Koch-postulata er eit sett på fire teser som fortel om kva krav ein må setja for at ein organisme skal kunne reknast som årsak for ein sjukdom.

  1. Organismen må finnast i alle studerte tilfelle av sjukdommen
  2. Organismen må kunne dyrkast i reinkultur
  3. Organismen må vera i stand til å framkalla den opphavlege infeksjonen sjølv etter fleire generasjonar i kultur
  4. Organismen må kunne takast opp frå ein nyinfisiert organisme og dyrka opp att.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Etter at Koch vart ein kjend og vidgjeten vitskapsmann, gjekk kvaliteten på forskninga hans ned. Særleg nemneverdig er tuberkulosekuren tuberkulin, som var mislykka. Likevel heldt Koch sine arbeidsmetodar stand, og elevane hans oppdaga snart bakteriane bak ei rekkje sjukdommar: difteri, tyfoidfeber, gonore, lungebetennelse med meir.

Sidan 1960 har Koch-stiftinga delt ut gullmedaljar til grensesprengande mikrobiologar. Frå 1970 har det òg vorte delt ut ein pris til mikrobiologar og immunologar som har gjort store oppdagingar.

Koch-krateretMånen er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger delvis på artikkelen en:Robert KochEngelsk wikipedia