Rolv Wesenlund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rolv Wesenlund

Rolv Wesenlund i 1967.
Foto: Delphin, Rigmor Dahl / Oslo Museum
Fødd17. september 1936(1936-09-17)
FødestadHorten i Vestfold
Død18. august 2013 (76 år)
DødsstadBydel Ullern
FødenamnRolv Helge Wesenlund
Verka somSkodespelar, songar, revyforfattar, programleiar og humorist
PrisarWenche Foss’ ærespris, Leif Justers ærespris, Leonardstatuetten, Amandakomiteens ærespris, Årets Ølhund, Lytterprisen, Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen, Gullrutens hederspris

Rolv Helge Wesenlund (17. september 193618. august 2013)[1][2] var ein norsk komikar, plateprodusent, songar og skodespelar. Han var kanskje mest kjend for å ha spelt hovudrolla i musikalen og filmane om Bør Børson og figuren Marve Fleksnes i TV-serien Fleksnes.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I ungdomen var han jazzmusikar (klarinett) og vann NM i jazz to år, vart engasjert som jazzjournalist for NRK med eige jazzmagasin og var jazzspaltist i Dagbladet. Wesenlund vart kjend på TV alt i 1960-åra med serien Og takk for det frå 1969 der han spelte ein heil del sketsjar saman med Harald Heide-Steen jr. (duoen Wesensteen), Gunnar Haugan og Kirsti Sparboe. I denne serien presenterte dei klassikarar som Supperådet, Hos tannlegen og Doble Fustasjeopphengsforkoplinger. Serien vart ei bestseljande plate, og han vart laga i ein like populær svensk versjon. Wesenlund opptredde òg i den svenske underhaldningsserien Publikfriarna (1968–1970) og i det svenske lystspelet Skärgårdsflirt i 1972.

Frå 1964 var han revyforfattar og skodespelar med lengre engasjement ved mellom anna Chat Noir, ABC-Teatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teater. Med bakgrunn som skribent i fleire aviser og frilans-jazzmedarbeidar i NRK, var han i slutten av 1950-åra innspelingssjef hos Philips og hos Arne Bendiksen AS 1964–1965. Som innspelingssjef hos Philips var Wesenlund mellom anna ansvarleg for den korte, tidlege satsinga i Bergen på 1960-talet, Bergen Beat, ein freistnad på å lansere norske grupper innan det ein den gongen kalla piggtrådmusikk. Han skreiv òg songtekstar, mellom anna «Twist it» (1962).

Fra 1966 var Wesenlund i ei tid programsekretær i NRK. Saman med andre unge, framstormande menn med stor entusiasme for det nye fjernsynsmediet (som Harald Heide-Steen jr., Harald Tusberg, Bengt Calmeyer og den svenske regissøren Bo Hermansson) etablerte han ein opprørsk og, for den tida, ganske bøllete type underhaldning. I TV laga dei Kunden har alltid rett, ein parodi på samtidige TV-program, og i radioen dei legendariske Telefonrøret og Hørerøret, som gjorde suksess på plate, og på restaurant Cecil i Oslo hadde dei i 1965 den nyskapande revyen Lysthuset, no med Elsa Lystad og Karin Krog på laget. Wesenlund var speaker i den snodige radioserien Radio Skagerak, som vart ein populær LP på Triola. Den mest markante tidlege kreasjonen hans var Feriebiskop Fjertnes, med plata Feriebiskop Fjertnes slår til igjen, som vart ein bestseljar i 1968.

Wesenlund hadde fleire hovudroller i teateroppsetjingar, som i Charlies TanteDet Norske Teatret 1994. Ho vart så populær at ho vart overført til Chateau Neuf, omsett til riksmål og filmatisert for TV. Han var Leopold i Sommer i Tyrol i Oslo, Århus og København, og 1987 var han homofil dragartist i Jerry Hermans La Cage Aux Folles på Chateau Neuf.

Innan film hadde han hovudroller i kjende klassikarar som Norske byggeklosser, Den siste Fleksnes, Bør Børson jr. og Mannen som ikke kunne le

Rolv Wesenlund hadde òg sitt eige talkshow (Wesenstund), som først gjekk på Norsk TV1 og seinare på TVNorge. I seinare år var Rolv Wesenlund ein av frontfigurane for Seniorsaken.

I samband med 60-årsdagen hans i 1996 sende NRK1 portrettprogrammet Rolv som vart sett av over ein million menneske.[3]

Den siste rolla hadde Rolv Wesenlund i adventskalenderen Den unge Fleksnes som vart send på TVNorge jula 2010. Her spelte han Marve Fleksnes i draumesekvensar mot den unge Fleksnes (Reidar Fredrik Frydenlund).

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Wesenlund budde på Frogner terrasse. Han var gift med Ruth og har tre barn, attåt tre barnebarn. Rolv Wesenlund var frimurar av grad II.[4]

Priser og utmerkingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Ja, nå skriver også jeg BOK
  • Livet er ikke bare en lek, Det er også en dans på roser
  • Den bakvendte skikk og bruk boken (1986)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • Telefonrør – 2 god jul – spill selv (1967)
  • Telefonrør No 1 "Dimme"-festen/Garderobeskapet (1967)
  • Telefonrør No 3: Hvilket nummer ringer de...? (1968)
  • Dus-rør (1968)
  • Telefonrør No 4 (1968)
  • Ti gledet seg – en rusla hjem/Funksjonærens jul (1968)
  • Erotikk og musikk (1968) med Rolf Just Nilsen
  • En blå blå nellik/Hengende haver (1969) med Wenche Myhre
  • God tul (1971)
  • Börs song/Æ kjinne ein kar (1972)
  • Kjøttkakpolkan/Fårikålvise (1973)
  • Sommer over kjølen (1992)
  • Hos tannlegen (Volvo Sonet) (1995) med Harald Heide-Steen jr.

Andre plateutgivelser[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sofie Gran Aspunvik (18. august 2013). «Rolv Wesenlund er død». Aftenposten. Henta 18. august 2013. 
  2. «Rolv Wesenlund er død», VG 18. august 2013
  3. «Wesenlund vant (i to kanaler)» Arkivert 2013-12-03 ved Wayback Machine., Dagbladet 17. september 1996
  4. «Frimurer Rolv Helge Wesenlund», Nettavisen udatert

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]