Romsdalshalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Romsdalshalvøya er ei halvøy i Møre og Romsdal på 1560 km². Halvøya er ein del av Romsdal og Nordmøre og er avgrensa – frå inst i Romsdal, ut til havet, til inst på Nordmøre – av Eresfjorden (mot vest), Langfjorden (mot sør), Romsdalsfjorden (mot sør), Julsundet (mot vest), Hustadvika (mot nord), Kornstadfjorden (mot aust), Kvernesfjorden (mot nord), Batnfjorden (mot nord), Tingvollfjorden (mot aust) og Sunndalsfjorden (mot aust).

Halvøya omfattar mesteparten av Nesset, Molde og Gjemnes kommunar, og heile Fræna og Eide kommunar, og grensar i søraust mot Sunndal kommune. Byen Molde er den største tettstaden.

Det bur om lag 43 000 menneske på halvøya, på øya utanfor bur ytterlegare om lag 5 000 menneske.